Gardharde hardhausar

Publisert

«Den som tek til for hardt, han held opp for snart», seier ordtaket. Dei som hardnakka hevdar noko anna, har nok aldri opplevt å gå for hardt ut. Ikkje eingong hardbalne folk greier å arbeida knallhardt støtt, jamvel om dei toler hardkøyr og hardt vêr betre enn mange andre. Men ordet hard er vel ikkje ei hard nøtt å knekkja?

Hard er eit adjektiv har vore med oss lenge, og ordet har mykje den same forma i ulike germanske mål, jamfør svensk hård, engelsk hard og tysk hart. Det ser ut til at hard opphavleg vart nytta om fysiske emne og lekamar. Grunntydinga kan ha vore ‘fast og tett’, men ordet har lenge hatt ei rad utvida tydingar, og i mellomalderen vart det mellom anna nytta i tydingane ‘strid, streng; ill, tung, vanskeleg’. Hard er i ætt med verbet herda, adjektivet herdug eller herdig (t.d. kuldeherdug) og adverbet hardla (‘mykje; temmeleg’). Det kan henda at hard jamvel er i ætt med herd (‘skulder’). Ordet iherdug (el. iherdig) er kome til oss frå svensk.

Hard er jamnast det motsette av blaut og mjuk, jamfør ordpara hardhjarta–blauthjarta, hardkoka–blautkoka og seiemåtane «harde trafikantar» og «mjuke trafikantar». Det gjeld å finna den rette jamvekta mellom desse sakene: «For hardt vil bresta; for mjukt vil bogna.» Hovudregelen er likevel at det harde toler meir enn det blaute og lause. Her finst harde senger, hardfrosne marker, harde knutar, tre som er harde i veden, og folk som er harde i magen. Hardt vatn er blautt, men kalk-rikt, og hardplast er noko anna enn mjukplast. Dei retteleg harde sakene er beinharde, steinharde, ovharde, illharde og dilikt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement