Ord om språk
Gå i gløymeboka
«Ein minnest mykje og gløymer meir», vert det sagt. Ja, noko hakar seg fast, men det meste kjem i gløyma. Til dømes er det uråd for meg å hugsa alle orda eg har skrive om i spalta. Som mange har røynt før meg: «Svart på kvitt er godt for gløymska.» Eg har eit register som går attende til spaltestarten i 2009. Om me skal tru den lista, har eg ikkje skrive om gløyma. Ei rein forgløyming!
Gløyma er ikkje eit ord som treng å bergast frå gløymsla. Eg spår at dette verbet svingar seg om hundre år òg, jamvel om det heiter seg at om hundre år er allting gløymt. Ordet finst berre i nordiske mål (isl. gleyma, fær. gloyma, sv. glömma, da. glemme). Folk som skriv bokmål, kan velja mellom glemme og glømme. Er det nokon sjanse for at glømme vert den vanlegaste av dei to skriftformene? Nei, det kan me berre gløyma!
Gløyma kjem av eit substantiv som ikkje ser ut til å vera i bruk lenger, men som me finn i norrønt: glaumr (‘gny, ståkande moro, styr; gaman, glede’). Norrønt gleyma tydde både ‘halda leven, vera lystig’ og ‘ikkje hugsa, vanakta, ikkje ansa’. Den fyrstnemnde tydinga er den eldste. Det er vel berre rett og rimeleg at eit ord for å ståka og ha det moro har fått tydinga ‘missa or minnet’? Stundom har me det so artig at me gløymer tid og stad og plikter og oss sjølve.
Mangt viktig kan gå i gløymeboka, men som regel hugsar me (på) dei gjeremåla og folka som er viktige for oss. Det er leitt å verta so gløymsk at det viktige kverv. Ikkje minst er det leitt å kjenna seg gløymd eller beint fram verta utegløymd frå ei opprekning (jf. «ingen nemnd, ingen gløymd»). I samfunn der ekteskapet og par-norma står sterkt, får det ugifte og einslege livet eit stussleg drag over seg. Eg gissar at mange «attergløymer» og «attergløymingar» har vore strålande nøgde med livet sitt, trass merkelappen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.