Ord om språk

Full rulle med rullator

«No rullar me ut den raude lauparen for rull, både med og utan rulle-r.»

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Når ein ikkje kan stå på skeiser, ski og brett på snø eller is, kan ein stå på hjul: Folk set av garde på rulleskeiser, rulleski og rullebrett. Dei skal helst ikkje vildra seg ut på rullebana eller renna på rullebandet og ned rulletrappa, men ein og annan villstyring har tvillaust gjort det. Tilskodarane rulla vel med augo.

Nokre bilistar øser seg opp bak rattet («rullegardina går ned») og vil radbrekka både rulleskilauparar, syklistar og andre «tregingar». Ratt og rad (i radbrekka) er i grunnen same ordet. Dei har grunntydinga ‘hjul’ (jf. tysk Rad ‘hjul’), og dei har same opphavet som rulla.

Utgangspunktet er ei indoeuropeisk rot som tyder ‘laupa’. Derfrå kjem latin rota (‘hjul’) og rotulus og rotula (‘lite hjul; rull, dokument’). So byrja snøballen å rulla! Dei to sistnemnde har gjeve oss rull, rulla, rulle, rolle og rullera. Andre ord i denne ætta er rotasjon, rotera (og rotaryklubb, som viser til at møta i fyrstninga gjekk på omgang), rotor og kontroll (frå fransk av contre ‘mot’ og rôle ‘liste’, eig. ‘motrekneskap’).

I rulleblad møter me rulle i tydinga ‘liste’. Ruller er lister over vernepliktige («stå i rullene», jf. «verta innrullert»). Eit rulleblad var opphavleg ‘skrivne opplysningar om ein vernepliktig (t.d. om framferda)’. Rulle og rolle (og rull) er strengt teke same ordet. Dei har vore nytta om papirrullar (m.a. med skodespelarreplikkar), og norrønt rolla tyder just ‘papir eller pergament som er samanrulla’. Ordlaget «full rulle» kjem frå svensk.

No rullar me ut den raude lauparen for rull, både med og utan rulle-r. Stundom nyttar me rull om sylinderforma reiskapar til å rulla (tromla, glatta) noko med. Rull kan òg visa til (musikk til) pardans med rundsving (t.d. vossarull). Og mangt anna. Men ofte er rullen noko ihoprulla, som dorull, filmrull og stoffrull. I matvegen har me kalverull, vårrull, rullekake og rullepølse.

Kva med busserullen? Han har eigenleg ikkje noko med rull å gjera, jamfør den eldre forma busseronne. Slikt kan ein sitja og tenkja på medan havet rullar mot stranda – eller tora rullar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement