Frostskadd frysar

Publisert

Somme frys på ryggen berre dei tenkjer på frost og frysing, men no som sumaren er her, er det ikkje like lett å tenkja på seg frostrier eller frostflager. Visst kan me gå og småfrysa om sumaren òg, til dømes om me laugar oss i kaldt vatn og ikkje får vermen i oss att. Det er keitt, men om me skal tru ordtaket, er det ikkje berre moro med verme heller: «D’er vondt å frysa; d’er verre å brenna seg.» Å prøva å svala seg i frostvæske er i alle fall ingen god idé.

Frysa (norr. frjósa) er eit arveord som har halde seg godt. I mellomalderen vart det nytta i tydingane ‘gjera stiv av frost, skada med frost; dekkja med is; stivna av kulde’, og det er om lag slik me nyttar det i dag òg. Før i tida hadde ordet rett nok regelfast skifte mellom s og r, til dømes kunne det i norrønt bøyast slik: fryssfreri (pret. 3. pers. eintal), freru (pret. 3. pers. mangtal) – frerinn. Men det kunne òg ha s heile vegen: fryss fraus, frusu frosinn. I mest alle dei germanske måla har formene med s sigra (t.d. sv. frysa, eng. freeze), men i tysk (frieren) er det r heile vegen. Frysa er elles i ætt med frost, frose (‘frosen mark, tele’) og frøysa. Sistnemnde har grunntydinga ‘få til å frysa’ («frøysa mat»), men ordet kan òg brukast i tydingane ‘forfrysa’ («frøysa seg på øyro») og ‘gjera likesæl og kald; kjøva’ («ha eit frøyst sinn»).

Når noko frys, vert det stivt og stilt, til dømes er det lite rørsle i ein botnfrosen bekk. Dimed høver det godt å bruka frysa om det å stogga eller halda noko i ro: «frysa biletet», «frysa prisane». Frost kan òg verka som eit lim, jamfør vendinga «frysa fast». Mykje av frysa-bruken vår har elles med mat å gjera, jamfør frys(ar), fryseboks, frysedisk, frysevare, fryselager, fryseturka, frosekjøt og «djupfryst fisk».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement