JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Friviljug tvang

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2355
20180907
2355
20180907

Tvangsgifte er noko anna enn tvangssamanslåing av kommunar, men dei to sakene har mange sams drag. I båe tilfelle er det tale om å føra i hop nokon som ikkje har gjeve fritt samtykke til det. Den reiskapen me kallar tvinge (t.d. skrutvinge), held på med noko liknande: Ho pressar saman to stykke som elles ikkje hadde vore i lag. Tvang dreiar seg likevel ikkje om spleising og samhald, men om å få noko til å henda – trass motstand.

Meir presist går tvang ut på at éin vilje valsar ned ein annan, og me har ein humoristisk seiemåte som tek tvangen på kornet: «Vil du ikkje, so skal du.» Orda tvang og tvinga har lenge vore nytta om press og nøyding, men det er noko uklårt kvar dei kjem ifrå. Me skal ikkje tvinga oss innpå orda og pressa dei for informasjon, for det er ikkje tvingande naudsynt å kjenna opphavet deira. Me kan fint granska bruken av tvang utan å bruka tvang.

Det ser ut til at tvangen kjem både innanfrå og utanfrå, for det er like vanleg å tvinga seg sjølv som å tvinga andre. Du kan tvinga fram ein smil, tvinga deg or senga og røra deg på ein tvungen måte, og du kan tvinga i deg maten. Tvangsfôring er elles eit kjent fenomen, i alle fall i biletleg form: «Dei tvangsfôrar oss med reklame.» «Nynorskfolk vert tvangsfôra med bokmål.» Stundom er det vanskeleg å seia kva eller kven som tvingar oss. Tvangstankar og tvangshandlingar er lumske saker, og om tvangen vert retteleg ille, kan det henda at nokon tenkjer på å få deg tvangsinnlagd.

Då vil dei bruka tvang fordi dei meiner at det på sikt kjem til å gagna deg. I mange tilfelle vert tvangen nytta just slik: Han er eit litt leitt verkemiddel som skal tena ei god sak. Bandtvangen vernar vilt og bufe, og den gamle murtvangen (forbodet mot å byggja trehus i byane) minska brannfaren. Tvungen skulegang er vel heller ikkje so dumt? Men slipstvangen greier me oss fint utan, i alle fall om me ser stort på det. Visse former for tvang gagnar berre tvingaren, og den som tvingar gjennom at andre skal tvangsflyttast, tenkjer nok mest på seg og sitt. Det sleipaste er å utsetja folk for «friviljug tvang». Då kjenner dei seg nøydde til å godta ei (dårleg) løysing fordi alternativet er verre. Sæle er dei som kan føra utvungne samtaler og elles utfalda seg tvanglaust og fritt!

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis