Frå sjakkverda

Fri i Albania

Lea Ypi er professor i politisk filosofi ved London School of Economics.
Publisert Sist oppdatert

Eg er i Albania. Det finst mange grunnar til ikkje å spela seriøse sjakkturneringar. Det tek altfor lang tid. Likevel skal eg vera tolv dagar i kystbyen Dürres, der eg skal spela eitt langt parti om dagen. Eg har ikkje gjort noko så surrealistisk sidan senior-VM i fjor i Praha. Denne gongen er det òg senior-VM, klasse 50+.

Hovudgrunnen til å vera med er nostalgi. Ein er tvinga til å leva skjermfritt under sjakkpartia. Flyturen ned var òg skjermfri – eg las Fri (2021) av den britisk-albanske filosofen Lea Ypi (46), den beste boka eg har lese i sjangeren.

Lea vaks opp i Dürres, like ved strandpromenaden der eg no spelar sjakk på eit av luksushotella. Kontrasten mellom den materielle fattigdomen under diktatoren «onkel» Enver Hoxha og rikdomen i forteljinga er slåande. Lea kunne berre gjera ting som var gratis: lesa, spela sjakk, slikka på gamalt tyggegummipapir. Jenta observerer kollapsen til kommunismen i 1990 og seinare den brutale kollapsen til turbokapitalismen (pyramidespel, prostitusjon, mafia). I 1997 er det så farleg å leva at skulane er stengde i eit halvt år.

Det er noko udefinerbart aristokratisk med Lea, via farmora. Nyleg kom boka Uverdighet om den mystiske lagnaden til farmora gjennom det ottomanske riket, fascisme og kommunisme.

Faren til Lea er òg ein karakter. Lea har mykje frå han. Mora er ei gåte. Ho var albansk meister i sjakk og arbeidde som matematikk- og sjakklærar. Men ein dag i 1997, utan å åtvara familien, flyktar ho over Adriahavet. Ho overlever og oppnår draumen om å vera vaskedame i Italia. Seinare dreg også Lea over havet. Ho må lova faren aldri å studera Marx. Men det er nett det ho gjer: Ho tek utdanning i Italia og vert ekspert på tyske filosofar (særleg Kant og Marx).

Før sjakkpartia her nede ser eg YouTube-videoar med Ypi. Ho talar eit nydeleg fransk, italiensk, tysk, engelsk og albansk. Det siste språket er òg indoeuropeisk, men heilt ulikt dei andre. Som språkprofessor gjorde det inntrykk på meg at Lea vart mobba på skulen av di albansken hennar ikkje var heilt naturleg. Dei snakka fransk heime jamvel om ingen i familien var franske eller hadde møtt ein franskmann på 40 år. Lea hata fransk, men språket var nok nykelen til ein unik internasjonal forfattar- og forskarkarriere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement