FråstøytandeNår me støyter på støytande ord, kunne me hatt bruk for ein sjeleleg støytdempar som tok verste støyten. Men me toler ein støyt, i alle fall toler me at ein støyt av glede går gjennom oss. Det er verre med straumstøyt. Men det aller verste er v

Publisert

Når me støyter på støytande ord, kunne me hatt bruk for ein sjeleleg støytdempar som tok verste støyten. Men me toler ein støyt, i alle fall toler me at ein støyt av glede går gjennom oss. Det er verre med straumstøyt. Men det aller verste er vel å få en dolkestøyt i ryggen?

Når me talar om å støyta ein dolk i noko(n), brukar me støyta i tydinga ‘driva, køyra, renna’. Slik bruk finn me i norrøne tekster òg: Der kan me lesa at einkvan støyter sverdet i noko. Norrønt steyta vart òg nytta om å dytta, skuva og kasta, og slik brukar me ordet framleis, jamfør «støyta båten frå land», «støyta bort nokon», «støyta kule» (jf. kulestøyt) og «jakka støyter frå seg vatn / er vassavstøytande». Støyta har med andre ord halde seg godt. Det har òg ein slektning som me skal merka oss: latin pertundere, som tyder ‘stikka, bora hol i’ (av tundere ‘støyta’). Det verbet har i engelsk fått forma pierce, som me har teke inn i norsk, jamfør «pierce seg», «få piercing i navlen».

Det å støyta kallar me støyt, og støytane kan vera gode eller vonde, store eller små. Du kan gjera ein framstøyt som fører til omstøyt (‘omvelting, revolusjon’), og du kan få olbogestøyt eller enkjemannsstøyt (jf. omgrepet enkjemannssorg, som gjerne vert nytta om sterk smerte som går snøgt over). Du kan òg ta deg ein støyt (ein dram eller annan sterk drykk), få sure oppstøytar, gjeva ein trompetstøyt og høyra kvinet frå stormstøytane (stormbyene). Men harde samanstøytar mellom bilar må du halda deg unna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement