Framleis i framgrunnen

Publisert

Dersom ordet fram brått hadde vorte borte, hadde me vore i ei lei knipe. Kva skulle me ha sagt i staden for «att og fram» og «fram og tilbake»? Korleis skulle me ha skildra framsteg og framgang? Jau då, stundom kunne me ha nytta ord som føre (t.d. «gå føre nokon» i staden for «gå framfor nokon») og ut (t.d. «ut på dagen» i staden for «fram på dagen»), men om me skulle ha leita fram slike fram-avløysarar støtt, hadde det ikkje vorte mykje framdrift i talen vår.

Fram er rett og slett eit framifrå adverb. Etter alt å døma heng fram i hop med eit germansk adjektiv som tyder ‘dugande, god, førande’. Då er det berre rimeleg at me ofte nyttar superlativforma fremst i tydinga ‘best, mest førande’: «Ho er den fremste på feltet.» Meir uventa er det nok at engelsk from (‘frå’) er same ordet som vårt fram. Fram har truleg hatt grunntydinga ‘frametter’, som seinare har endra seg til ‘av stad’ og ‘bort (frå)’. Då er det radt ikkje so underleg at from har fått tydinga ‘frå’. Preposisjonen frå (og ifrå) kjem dessutan frå fram. Eit anna ord i denne ætta er framand, som opphavleg tydde ‘(som er) borte, fjerna frå’. Eit tredje ord er frum- (‘fyrste-, opphavs-‘), som me finn i ord som frumboren (‘fyrstefødd’) og frumnordisk (‘urnordisk’).

Det er beint fram uråd å leggja fram og drøfta alle tydingane til fram her, men tre av dei skal få syna seg fram. Me kan for det fyrste nytta fram til å målbera at ei verksemd eller rørsle går føre seg ‘i den leia ein ser eller går, mot eit visst mål’, jamfør seiemåtar som «tura fram», «prøva seg fram» og «halda fram». Sidan me plar førestilla oss at den tida me ikkje har vore gjennom enno, ligg framfor oss (jf. framtid), seier me at me «ser fram til» noko. Folk som tenkjer langt fram, er framtenkte. Unge folk «har tida framfor seg».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement