Ord om språk

Framgang i gangfart

Publisert

Me kan ofte sjå (eller høyra) kven som kjem gåande, ut frå ganglaget åleine. Røynde folk kan endåtil kjenna lusa på gangen. Her dreiar det seg om gang i tydinga ‘måte å gå på’, men det kan nok henda at det er lus i eller utpå gangen òg, til dømes i gangkleda som heng der. Men no lyt me koma i gang med den rettelege gjennomgangen av gang-ord – det er ikkje gangbart å lata skravla gå på tomgang slik!

Me kan i fyrste omgang slå fast at gang har gått, og framleis går, sin sigersgang gjennom målet vårt. Det ser ikkje ut til at ordet har fått gangsperre enno, og det syner ikkje andre teikn til tilbakegang heller. I bokmål er gangverket hakket meir utbreitt enn i nynorsk, for i bokmål vert gang nytta i tydinga ‘einskilt tilfelle, høve’ («tenke seg om to ganger», «for første gang»). Nynorsk og mange målføre har gong her.

Det er glidande overgangar mellom desse to formene. Eller meir presist: Dei er strengt teke same ordet. Både gong og gang (og hokjønnsordet gonge) heng i hop med verbet ganga. Dette verbet har i mange mål fått ei stytt form, jamfør normert norsk (i nokre målføre: ga), engelsk go og tysk gehen. Substantivet gjeng («vera med i gjengen») kjem av engelsk gang (‘arbeidsgjeng; bande’), som i sin tur er lånt frå nordisk.

Me veit at «ein trottar lenger med gang enn med sprang». Det er mykje anna som verkar inn på trotten vår, til dømes gangfarten og utforminga på gangstigen eller gangvegen. Om me misser gangsynet, bør me halda oss unna gruvegangar og krevjande fjellovergangar. Me bør nok ikkje ha ansvaret for vanskelege balansegangar heller. Skal tru om lediggangen krev gangsyn?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement