Ord om språk

Frakke frekkisar

Publisert

Festr mun slitna / en freki renna, seier volva i Voluspå, om att og om att, når ho fortel om ragnarok. I den klassiske omsetjinga til Ivar Mortensson-Egnund går linene slik: «Festet slitnar, / og Freke han renn.» Det norrøne substantivet freki tyder ‘den gråduge’, og ordet vart gjerne nytta i skaldskap som namn på ulv, eld og skip. I Voluspå viser freki til Fenrisulven.

Freki kjem av adjektivet frek (norr. frekr ‘grådug; streng, strid’). Den tyske forma av adjektivet er frech, og ho har kome seg inn i skandinavisk: frekk (‘skamlaust djerv’). I islandsk og færøysk vert den heimlege forma frekur nytta i alle tydingar. Eit nærskyldt adjektiv er frak eller frakk. Kan henda høyrer òg lånordet frank i ordlaget «fri og frank» (‘ubunden’) heime i frek-ætta. Kledenemninga frakk er noko heilt anna.

I samansetjingar målber frek at noko eller nokon treng mykje av det som fyrstelekken nemner. Den som er matfrek, treng mykje mat. Romfreke saker treng mykje plass, og ein folkefrek gard treng mykje arbeidsfolk. Frek kan tyda mangt anna òg, til dømes ‘skarp, ram’, ‘dugande, god’ og ‘helsug, sprek’. Ein frek ost har sterk smak eller lukt. Det er ikkje frekt med dei, kan me seia, dersom helsa eller stoda er mindre god. Og ein kan vera frek trass i alderen.

Frakk vert nytta på mykje den same måten. Det kan mellom anna tyda ‘gjæv, i god stand’, ‘dugande’, ‘sterk’ og ‘helsug’. Det frakke er jamnast godt («det var frakt!», «frakke folk!»), og om noko er leitt, kjem ordet i lag med ei nekting («eg er ikkje so frakk for tida»). Frakk kan òg nyttast forsterkande, om lag som fæl og svær: «Dei er frakke til å ljuga.» «Det er frakke ting som det blæs.» Ordet er mykje nytta her på Lillehammer og traktene nord for byen, men det er heimfest til målføre over heile landet (jf. Norsk Ordbok).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement