Frå Skjåk til sjåk «Johs, kan vi spela sjåk? …» Uff, for eit mas når ungane berre vil spela sjåk. «Stille, ungar! Set opp brikkene og spel sjakk!»

Johs. Kjeken og den rutete jakka.
Johs. Kjeken og den rutete jakka.
Publisert

«Johs, kan vi spela sjåk? Please …» Uff, for eit mas når ungane berre vil spela sjåk. «Stille, ungar! Set opp brikkene og spel sjakk!»

Johs. Kjeken kan vera streng om det vert for mykje sjåk. Men slik har gutar og jenter alltid vore. Dei vil ha fart og spaning. Dei vil heller dansa disko enn leikarring. Heller sjåk enn sjakk. Det byrja då Leif Øgaard lanserte lagspelet «sjokk» i Oslo i 1971. Spelet tok sjakkungdomen med storm. Namnet vart seinare fornorska til «sjåk».

Johs. Kjeken var odelsgut frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Han melde seg inn i Noregs Mållag og drog til Oslo for å studera norsk ved universitetet. Men her vart bondestudenten råka av sjakksjokk i kantina på Blindern. Og det går ikkje over. I nesten 50 år har han ikkje drive med anna enn sjakk.

I eit intervju med Arne Danielsen i Norsk Sjakkblad nr. 2/2007, i samband med sekstiårsdagen i juni for ti år sidan, fortalde Kjeken at han vart «ein fanatisk Skeid-supporter» etter at han som tiåring las om fotballklubben frå Torshov i Norsk Barneblad. «Eg tykte det var eit så gildt lag, og eg har vore lojal mot klubben sidan». Men han har aldri sett nokon fotballkamp.

Det einaste som stel tid frå sjakken, er rullingsen. Litt pengar til røyk har han fått gjennom å undervisa born i tusental i sjakk. Han er kan henda den i landet, etter Magnus Carlsen, som har skapt mest sjakkinteresse. Jamvel om metodane til Carlsen og Kjeken er ulike, har skulane til Kjeken vunne nordiske meisterskap i fleng.

Heile Sjakk-Noreg kjenner den rutete jakka hans. «Kvar fekk du jakka frå?» spurde Danielsen. «Eg kjøpte ho i Lund i Sverige i 1973. Ho er praktisk å ha av di ho gjer meg synleg i spelelokalet når eg er turneringsleiar. Men det har vore to jakker. Då den fyrste vart sliten, fann eg ei nesten lik jakke på Elevator.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement