Frå sjakkverda
Von i hengande konvolutt
Kasparov og Botvinnik vann dei to viktigaste hengepartia i sjakkhistoria.
Foto: livejournal / ukjend fotograf
Lesaren hugsar kan henda hengepartia, som eg likar å mimra om i denne spalta: Spelaren skreiv ned eit løynt trekk som vart lagt i ein konvolutt. Og så gjekk alle heim.
Eg hadde mange hengeparti på 1980-talet. Det var slik generasjonen min lærte å analysera sluttspel. På høgste nivå hadde toppspelarane eigne sekundantar for å analysera hengepartia.
Ved avbrotet av det 23. VM-partiet i 1951 mot David Bronstein, laug verdsmeister Mikhail Botvinnik for sekundanten sin, Salo Flohr, som vart sitjande og analysera på galen stilling. Botvinnik måtte vinna sluttspelet for å klara 12–12 og halda på tittelen. Han hadde tenkt i 20 minutt før han forsegla det viktige hemmelege trekket, men han lét Flohr analysera på eit anna trekk. Då Flohr kom med analysane sine, vifta Botvinnik han vekk.
Botvinnik stolte ikkje på andre enn seg sjølv – og vann partiet etter stor dramatikk. Bronstein snakka bittert om dette hengepartiet dei neste 55 åra, til han døydde i 2006.
Då Viktor Kortsjnoj spela VM-finale mot Anatolij Karpov i 1974, torde heller ikkje han å seia høgt til sekundantane kva for eit hemmeleg trekk han hadde lagt i konvolutten. Han ottast romavlytting frå KGB, som favoriserte den regimetru Karpov, og synte difor trekket fysisk på eit sjakkbrett utan eitt ord.
Det mest eksistensielle hengepartiet i sjakkhistoria er det 24. og siste partiet i VM-kampen i Sevilla i 1987 mellom Karpov og den unge meisteren Garri Kasparov, som hadde vunne tittelen frå Karpov to år tidlegare. Men no var «gamle» Karpov i leiinga. Gamlekommunistane skulle revansjera seg og koma attende til makta. Kasparov representerte Gorbatsjov og den nye tida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.