Frå sjakkverda
Vedunderbarnet
Det fyrste og mest kjende vedunderbarnet i sjakkhistoria: Samuel Reshevsky.
Ingen vedunderborn kan måla seg med Samuel for hundre år sidan. I 1920 var niåringen på ei triumfferd som fekk det amerikanske barnevernet til å gripa inn mot foreldra.
Det byrja i Europa året før, der den vesle polske guten, som hadde lært sjakk fire år gamal, reiste rundt og spela simultan mot godt vaksne menn – frå Paris til Wien. Men det var mest pengar å henta i USA, så familien drog over Atlanteren.
Men ein dag var det slutt. Guten sjølv var samd med barnevernet: Han ville heller gå på skule og leika med andre born. Når eit vedunderbarn gjev seg, er draumen til foreldra som regel over. Det er ikkje meir å henta. Men Samuel Reshevsky var unnataket. Han kom attende til sjakken.
I 1935 var han på ny i Europa og vann mot verdsmeistrane Capablanca og Lasker i dei beste europeiske turneringane. Men den unge vaksne Reshevsky var ein total amatør – den siste store spelaren som ikkje kunne opningsteori. Han hadde ikkje ei einaste sjakkbok heime i USA, der han arbeidde som bokhaldar. For å overleva i opninga mot dei profesjonelle spelarane nytta han det meste av tenkjetida si på dei fyrste 10–15 trekka og vart kjend som ein «tidsnaudsnarkoman». Det var alltid mykje drama rundt Reshevsky, men i strategisk posisjonsspel var han kan henda best i verda.
På slutten av 1930-talet ynskte han å flytta til Sovjet for å verta profesjonell sjakkspelar, men sovjetarane sa nei. Etter moderne statistiske utrekningar var Reshevsky nummer éin i verda i 1942 og i 1953. I 1955 vann han 2,5–1,5 på fyrstebordet mot verdsmeisteren Mikhail Botvinnik i ein prestisjeduell i Moskva mellom Sovjet og USA.
I godt vaksen alder vart han religiøs og kunne ikkje spela etter solnedgang eller på sabbaten. Dei praktiske utfordringane med kombinasjonen sjakk og religion førte til konfliktar med motstandarane. Ein duell mellom 50-åringen og 18 år gamle Bobby Fischer i 1961 vart broten av etter 11 parti på stillinga 5,5–5,5 då unge Fischer ikkje lenger godtok krava til Reshevsky. Dei to amerikanske stjernene skulle hata kvarandre resten av livet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.