Sjakkmysteriet Adam
Eg hugsar godt Adam, av mange grunnar.
Politieskorte for Barbora Skrlova frå Noreg til Praha i 2008. Bamsen er med.
Foto: Michal Krumphanzl / AP / NTB
For fyrste gong i denne spalta må eg ha ein spoiler alert. Kan henda vil du fyrst høyra podkasten Mysteriet Adam på NRK. Men dersom du er ein vaksen lesar som hugsar attende til 2008, så har du vel fått med deg den utrulege historia om gutekvinna Adam.
Den nye podkasten over åtte episodar, laga av Trude Lorentzen, er den største NRK-suksessen i sjangeren nokon gong. Det har gått så lang tid at vi no orkar og ynskjer å høyra alle dei bisarre detaljane. Men sjakken er ikkje med i podkasten, så han kjem her.
Adam (13) gjekk i mottaksklassa på Marienlyst skule hausten 2007. På den tida drog eg kvar måndag kveld på barnesjakk i Oslo Schakselskap på Majorstua. Her spela son min (8) og venene hans frå Bjølsen skule. Oppgåvene mine var å ta imot 20 kroner i deltakaravgift frå borna og føra partiresultata i ein tabell. Eg hugsar godt Adam, av mange grunnar.
Kroppen var lubben og uformeleg. Og jamvel om Adam var låg av vekst, var han eit hårlaust hovud høgare enn åtteåringane som sprang rundt i lokalet mellom partia. Eg tenkte mykje på om sjakkborna ville akseptera Adam, så eg var letta då eg skjøna at dei ikkje brydde seg om den skalla guten.
I podkasten vert det spekulert i om Adam var eit geni, eller kan henda ein idiot savant. Før hen kom til Noreg, Marienlyst skule og sjakklubben, hadde dette spesielle mennesket studert på eit konservatorium og komponert avansert musikk. Men i sjakken «utmerkte» Adam seg på eit anna vis: Adam tapte absolutt alle partia mot dei små ungane hausten 2007. Det vart eit fast ritual: «Korleis gjekk det, Adam?» «Tapte.» Eg førte ein ny null i skjemaet.
Då det vart avdekt at «Adam» var ei tsjekkisk kvinne på 33 år, Barbora Skrlova, kjende eg på skam. Det var noko perverst over dei uskuldige sjakkpartia mellom «Adam» og sjakkborna. Dei mest aktive sjakkforeldra i klubben vart samde om ikkje å seia noko om saka til borna eller andre. Fyrst ti år seinare, i desember 2017, skreiv eg om saka i Dag og Tid. No er ho her på ny.
Kvifor spela Adam sjakk? Eg trur ikkje sjølve sjakken var ein utspekulert plan. Sjakken var nok Barbora på sitt mest truskuldige. Gutekvinna identifiserte seg med Adam og den interessa ho trudde ville passa til ein 13 år gamal gut.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.