Frå sjakkverda

Semjon

Semjon Mitusov (16) på påskefestivalen i sjakk på Fagernes.
Semjon Mitusov (16) på påskefestivalen i sjakk på Fagernes.
Publisert Sist oppdatert

Fredag 1. april kom Semjon Mitusov (16) og mor hans til Scandic Helsfyr hotell i Oslo.

Fem dagar seinare, tysdag 5. april, sit dei roleg ved eit bord i Oslo Schakselskap. Det er mange menneske i klubben denne kvelden, vi skal spela aprilutgåva av «Superlyn» klokka 19.

Eg freistar småprata med Semjon og mor hans. Kva kan ein seia? Den unge guten, det største sjakktalentet frå byen Kramatorsk i Donetsk fylke, ser like sliten ut som mor si.

Eg peikar på nokre «lynhaiar» som går forbi oss. Semjon er overraska over at det kjem stormeistrar til klubben ein tysdag kveld. Så byrjar turneringa. Semjon slår stormeister Frode Urkedal i runde 5 og spelar på fyrstebord mot Simen Agdestein i runde 7. Partiet vert remis. Men runden etter tapar Semjon mot Ward Altarbosh, som hoppa av frå det syriske OL-laget i Tromsø i 2014.

I 11. og siste runde har eg kvit mot Semjon. Eg får ein føremon i ei katalansk opning. Semjon freistar setja opp ei festning i midtspelet. Han går fram og attende med tårnet. Eg vil vinna, det er det spelet går ut på. Eg kan få eit tårnsluttspel med gode sjansar til siger om eg byter dronning, men bør eg ikkje spela meir offensivt? Eg går til åtak med dronninga mi – og vipps vert eg sjølv matt i tre trekk.

Agdestein vinn turneringa føre Altarbosh og Elham Abdrlauf, ein 17-åring med afghansk bakgrunn, den beste junioren i norsk sjakk. Semjon endar på 6. plass, ein fin debut. Mora smiler til meg når eg fortel at son hennar slo meg. Eg spør om dei har nokre planar for framtida. «Vi skal vera her. Vi skal ikkje attende til Ukraina. Åtte år med krig er nok.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement