Frå sjakkverda
Mannen frå parken
Lyn i parken. Vyzjmanavin (til venstre) mot stormeister Arbakov.
Eg hugsar godt då CSKA, Hærens lag frå Moskva, kom til Aker Brygge i 1987 for å spela europacup mot klubben min, Oslo Schakselskap. Ikkje overraskande vann sovjetarane lett, men ein av spelarane var meir mystisk enn dei andre.
Kven var eigenleg Aleksej Vyzjmanavin? Han var 26 år gamal, utan tittel, kunne ikkje eitt ord engelsk, og hadde aldri før vore i Vesten.
Sjølv for russarar er dette namnet gåtefullt. Far hans hadde kjempa mot japanarane under krigen og hamna seinare i fengsel etter ei misforståing. Då han vart skriven ut, fekk han nytt pass med eit namn fullt av stavefeil. Ingen russarar heiter «Vyzjmanavin», og ingen hugsar i dag kva mannen eigenleg heitte. Han var nøgd med å vera ein fri mann og godtok det nye namnet.
Sonen Aleksej var gatesmart i Moskva på 60-talet, men med elendige karakterar på skulen. Som 13-åring, i seinaste laget, fann han ei sjakkbok som han tok med seg overalt han gjekk. Han byrja på sjakkurs saman med born i sjuårsalderen. Så oppdaga han sjakkbohemane i Sokolniki-parken. Heime var det berre fyll etter at mora døydde, så parken vart den andre heimen hans. Han slutta skulen i 8. klasse og svor at han aldri skulle byrja arbeida. Han drakk som far sin, men meinte han hadde kontroll.
Vyzjmanavin spela sjakk for små og store pengar. Ein gong loppa han ein nyrik russar for ein heil sekk med pengesetlar. Han drog rett til det illegale gamblarmiljøet og spela bort alt på rulett.
Alle visste at Vyzjmanavin var kongen av Sokolniki-parken, i røynda ein av dei beste lynsjakkspelarane i verda. Han vart stormeister seint, 28 år gamal, i ei tid då tittelen hang høgt (Agdestein var Noregs einaste stormeister). Lynsjakkfantomet kom overraskande med på OL-laget til Russland i 1992 med verdsmeister Kasparov i spissen. Mannen frå parken vart olympisk meister.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.