Frå sjakkverda

Herr Nilsen kom på TV

«Sjakkmesterens millioner» vart sendt på NRK i går. Programmet finst på nrk.no, om du ikkje har fått med deg jakta på arvingane.
«Sjakkmesterens millioner» vart sendt på NRK i går. Programmet finst på nrk.no, om du ikkje har fått med deg jakta på arvingane.
Publisert

For seks år sidan skreiv eg ein stubb her i avisa med tittelen «Herr Nilsen» – om ein original som var heilt ukjend utanfor Oslo Schakselskap. I klubben var han eit midtpunkt med alle sine påhitt. Han skreiv sjølv sjakkmemoarane sine med særs giftig penn. Teksten vart ikkje godt teken imot av dei andre originalane i miljøet, men eg tykte historia hans var eit interessant tidsvitne.

For to år sidan kontakta NRK meg. Dei hadde lese «Frå sjakkverda» og jakta på fleire opplysningar om herr Nilsen. Tore Jan Nilsen (1937–2010) døydde i grannelaget mitt på Sagene i Oslo utan familie. I gravferda kom sjakkvenene og nokre få naboar. Arven var på 6,6 millionar kroner, men ingen melde seg. Etter ti år ville pengane automatisk enda i statskassa. NRK hadde eitt år på seg til å finna arvingane – om dei var i live – til den nye programserien «Ukjent arving».

Herr Nilsen var ein skarping. Han byrja arbeida i Norsk Hydro som 16-åring og vart ein av dei fyrste systemutviklarane i landet. Han laga ein elektronisk medlemsdatabase for Oslo Schakselskap og registrerte historiske detaljar og upassande kuriosa attende til stiftinga av klubben i 1884. Han snikra speleborda i klubben, sydde sin eigen dress og måla akvarellar. Men han var fyrst og fremst ein sjakkoriginal.

Ukjende Nilsen var snøgg på labben og vart noregsmeister i lynsjakk i 1968. Då ratingsystemet kom i 1970-åra, fekk han eit tal på høgt meisternivå, men han likte ikkje å hamna i ein bås. Så han nekta spela fleire turneringar og fekk med tida sletta ratinga si. Då var han på ny ein fri mann.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement