Heger, Hagerup og Olav H.
Handlelista til Hagerup med utkast til dikt om H-en i namnet til diktaren frå Ulvik.
Det hender eg får idear til sjakkspalta frå sosiale medium. Ei heilt spesiell Twitter-historie dukka opp i sumar. Ho levde sitt eige liv i nokre veker. Men no har ho lege still i eit halvt år, så eg tek sjansen på å vekkja liv i henne.
Det byrja med ein annonse i Aftenposten: «Ung, venstreorientert mann som spiller bridge og sjakk, får sommerjobb […] Henv. fra kl. 9–10 til Inger Hagerup, tlf. 106897.» Året var 1978, og 21 år gamle Anders Heger tenkte: «Dette er deg, Anders!» Og det var det.
Heger melde seg til teneste på Romsås, der Hagerup budde. To gonger i veka spela den unge litteraten tomannsbridge og sjakk med 74 år gamle Anders Hagerup, lektor og omsetjar, og etterpå drakk han vin saman med kona, Inger.
Etter ein månad sette alle tre seg i ein drosje til Risør. Unge Anders hjelpte den eldre Anders, som var dårleg til beins, med kofferten. Når Heger fortel om den fantastiske sumaren, får eg ein assosiasjon til eit par verseliner av Hagerup: Hun fløy som på sommerfuglvinger, // han flyttet på dronning og springer.
På hytta møtte Heger den radikale litteratureliten som han tidlegare berre kjende ved namn: På vitjing kom Jan Erik Vold, Georg Johannessen, Torolv Solheim (nabohytta), Sandemose-borna og Vesaas-borna. Og sonen Klaus Hagerup, som i 2013 skreiv den fine sjakkungdomsromanen Markus er konge.
Den sumaren nådde Heger eit nytt nivå på sjakkbrettet. Herr Hagerup var eigenleg ein mykje betre spelar, men fysisk redusert, så Heger var ikkje sjanselaus. Om kvelden drakk diktardronninga og assistenten vin og diskuterte litteratur.
Vinmonopolet leverte på døra, men det hende ein gjekk tom for andre varar. Fru Hagerup skreiv handleliste til Heger, som gjekk den lange vegen til butikken: potetmjøl, kefir… På baksida av handlelista stod notata til eit nytt dikt: Til Olav H. Hauge. H’en i ditt navn er gåtefullt for meg, // hemmelig og stumt som andre ting ved deg.
Festskriftet til Olav H. Hauges 70 årsdag vart prenta to månader seinare. Heger hadde ikkje kasta handlelista og stakk henne inn i boka med det nye diktet til Hagerup. Sumaren 2020, under ei opprydding, fall den gamle lyriske handlelista ut av bokhylla. Og Anders Heger fortalde historia på Twitter.
Eg lika historia. «Det sier du bare fordi den inneholder sjakk!» sa Heger.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.