Frå sjakkverda

Goldenvejzers rike liv

Tolstoj og Goldenvejzer spela med det engelske brikkesettet Staunton, eit sett ein i dag finn saman med teikninga av A.V. Moravov i museumsleilegheita etter Goldenvejzer i Moskva.
Tolstoj og Goldenvejzer spela med det engelske brikkesettet Staunton, eit sett ein i dag finn saman med teikninga av A.V. Moravov i museumsleilegheita etter Goldenvejzer i Moskva.
Publisert

Ein interessant generasjon i sjakken, kunsten og vitskapen er dei som gjorde karriere både i Tsar-Russland og under Sovjet-kommunismen. Pianisten og komponisten Aleksandr Goldenvejzer (1875–1961) fekk Stalin-premien i 1947. Han var professor på konservatoriet i Moskva gjennom 55 år. Mot slutten vart han ein gong spurd: «Skal De vera med på seminaret i marxisme og leninisme?» Den gamle professoren svarte: «Eg trur ikkje det er naudsynt. Eg møter jo snart opphavsmennene personleg.»

Som seksåring lærte han sjakk av faren. Familien kjende Mikhail Tsjigorin, som tapte ein VM-kamp mot Steinitz i 1891–92. Året etter døydde Pjotr Tsjajkovskij, som var læremeisteren til Goldenvejzer i musikken.

Så byrja venskapen med Lev Tolstoj. Goldenvejzer vitja den gamle forfattaren på godset Jasnaja Poljana. Dei spela om lag 600 sjakkparti. Etter sjakken heldt Goldenvejzer som regel ein privat konsert. Tolstoj, som hadde skrive kortromanen Kreutzersonaten i 1889 (norsk omsetjing av Turid Schancke Bjørnflaten), høyrde på Beethoven og andre klassikarar. Favoritten var Chopin.

I revolusjonsåret 1917 fekk Goldenvejzer tak i eit kunstnarleg utforma sjakksett som var laga av nevøen til Anton Tsjekhov. Goldenvejzer byrja samla på eksklusive sjakkbrikker, som ein i dag kan sjå i museet hans i Moskva.

Goldenvejzer spela mykje sjakk med komponistane Aleksandr Skrjabin, som døydde to år før revolusjonen, og Sergej Rakhmaninov, som etter revolusjonen kom seg til Sverige og seinare til USA. Goldenvejzer vann som regel, som han òg gjorde mot den verdskjende operasongaren Fjodor Sjaljapin, som fekk eit komplisert liv i den nye sovjetstaten og døydde i Paris i 1938.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement