Filosofane tenkjer
Gottfried Wilhelm Leibniz, måla av Christoph Bernhard Francke kring 1695. Leibniz (1646–1716) skal ha vore den fyrste filosofen som fann djupe parallellar mellom sjakk og språk.
Dei største tenkjarane, altså filosofane, har ein del å seia om sjakk. I haust vart eg spurd av eit verdsleiande tidsskrift om å vera fagfelle (domar) på ein artikkel om sjakk og språk skriven av ein supersmart analytisk filosof. Forfattaren diskuterte ein parallell (knytt til tvitydig tolking) mellom sjakknotasjonar og ytringar i ein dialog. Han polemiserte mot ein publikasjon frå ein annan filosof om det kvite trekket Lb5 (lauparen til b5). Dei to filosofane var samde i éi sak: Notasjonen er tvitydig av di ein ikkje veit kva for ein kvit laupar som går til b5.
Det er rett at kvit byrjar med to lauparar, men b5 er eit kvitt felt – og berre éin laupar (den på f1) kan koma til b5. Lauparen som byrjar på c1, eit svart felt, er sjølvsagt fargeblind og kan aldri gå til b5. Filosofane kunne enkelt berga diskusjonen med eit springartrekk (hesten). Kvit har to hestar som båe kan hoppa til b5, så notasjonen Sb5 kan vera tvitydig. I slike døme skriv sjakkspelarar Sdb5: Springaren som står i d-lina går til b5.
Det vert verre. Men før eg gjer filosofane til lått, vil eg presisera, som eg skreiv i fagfellevurderinga mi, at det idiotiske dømet med lauparane til b5 har ei teoretisk (men ikkje praktisk) mogleg tolking av di ein kvit bonde kan ha gått ned til eit kvitt felt på g8, e8, c8 eller a8 og omskapa seg til ein kvitfeltslaupar. Men den sære regelen ein kallar underpromotering, har ikkje filosofisk interesse.
Hovudpoenget til forfattaren var at eit sjakkparti gjennom sjakknotasjonen, som ein dialog mellom to språkbrukarar, ikkje refererer til kva som vart spela eller sagt for til dømes 20 trekk eller setningar sidan. Det er stillinga på brettet, eller konteksten her og no i språket, som avgjer alt. Dette er eit interessant poeng, men det gjeld ikkje heilt i sjakken: Ein kan berre rokera om korkje kongen eller tårnet tidlegare har flytta. Om kongen gjekk frå e1 til f1 i trekk 10, og seinare attende til e1 i trekk 15, kan ikkje kvit rokera i trekk 35. Eit anna poeng er remis ved trekkgjentaking (tre gonger same stilling) eller remis ved 50-trekksregelen (utan slag/bondetrekk). Difor må ein kjenna heile historia til partiet.
Men så det mest komiske: Forfattaren skriv at om to springarar står på same rad og i same line, må ein nytta full notasjon for å vera eintydig: Sd4-b5. Men dette er nonsens: Om to brikker står på same rad og line, er dei to den same brikka!
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.