Frå sjakkverda

Dansken og svensken

Andersson er liten og tynn; Larsen litt større. Faksimile frå boka «Schackets mästare. I huvudet på Ulf Andersson» (2019).
Andersson er liten og tynn; Larsen litt større. Faksimile frå boka «Schackets mästare. I huvudet på Ulf Andersson» (2019).
Publisert

Dei var båe innom topp 3 i sjakkhierarkiet med imponerande ratingtal i ei tid då Noreg var, ifølgje Kasparov, «sjakkens bakgard». Men dei er ulike som hund og katt. Dansken, Bent Larsen (1935–2010), var ein karismatisk personlegdom: ordhitten, brautande, sjølvtrygg – eit flogvit. Svensken, Ulf Andersson (f. 1951), var og er smålåten og – i mangel av andre adjektiv – sympatisk. Om dansken finst det mange tjukke bøker, om svensken er det ikkje så mykje å seia, men i 2019 kom det endeleg ei fin bok med stor skrift og mange bilete.

Svensken fekk statsstipend i midten av 70-åra og lever framleis, som den einaste i svensk sjakk, av løn frå staten. Dansken krangla med heimlandet og emigrerte til Argentina.

Svensken kjem frå den vesle plassen Arboga i Västmanland i Midt-Sverige. Der bur han framleis, i den same gata der han voks opp. Som 18–19-åring var han ferdig med læretida på ein verkstad og klar til å byrja på den lokale fabrikken. Men så vart han svensk meister i sjakk og har sidan aldri gjort noko fysisk arbeid. Han skriv heller ikkje om sjakk og spelar lite. Svensken klagar over hovudverk og svevnløyse når sjakkvariantane vert for intense.

Dansken var ein stor intellektuell. Han skreiv ei rad gode bøker, alltid spissformulert og kontroversiell. Han kravde fyrstebordet framfor Fischer på verdslaget i kampen mot Sovjet i 1970 – og fekk viljen sin.

Dei ulike personlegdomane synte seg òg på sjakkbrettet. Larsen var ein psykolog som kunne gambla og spela mot mannen like mykje som mot brikkene på brettet. Andersson ottast all risiko og var den mest «objektive» spelaren i verda. Larsen ville vinna; Andersson var ofte nøgd med remis. Larsen hadde kreative og originale idear frå fyrste trekk (til dømes «Larsens opning», flankeopninga 1.b3); Andersson hadde berre subtile trekk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement