Frå sjakkverda

Då dataen kom

Publisert Sist oppdatert

Den nederlandske stormeisteren Jan Hein Donner (1927–1988) frykta ikkje datamaskinane på 1980-talet. Han ville ikkje spela mot dei, men om han måtte, ville han slå dei enkelt: «Eg tek med ein hammar.»

Sjakkamatøren Kjell Aukrust var ein av dei fyrste i landet som fekk ein snakkande sjakkmaskin med «ei nifs stemme som om’n hadde gjennomført en hæsjoperasjon». Kjell skjøna ikkje engelsk, så kona Kari måtte setja om. «Ke du skrek for no, gut», spurde Kjell. «Han sier du er sjakk matt på to trekk», sa Kari. «Na skrikinga var så fæl så æi kjøpte et sånn klisterbånd og surra inn for å få vekk lyden. Te slutt va æi så forbanna at æi la brettet på gølvet og satte bena i. Det va en meget interessant opplevelse, for da fekk æi sjå ke som var under. En sjakkcomputer, det er meget innvikla greier.»

Dollarmilliardæren Ted Field kjøpte i 1989 den dyraste maskinen ein kunne få tak i, ein såkalla Mephisto til 10.000 dollar. Men Field fekk ikkje liv i Mephisto.

Larry Kaufman (f. 1947), seinare stormeister, arbeidde for firmaet som selde maskinen. Kaufman, ein pioner på 1960-talet, er den sjakkspelaren i verda som veit mest om datasjakk. USA-meister og stormeister Lev Alburt vart hyra inn av Field for å få tak i Kaufman, som måtte reisa frå Washington DC til Colorado for å sjå på Mephisto. Field betalte reise, opphald og eit solid honorar. Det gjekk ikkje fly til Colorado, så Kaufman vart henta av ein limousin i Denver, fire timar unna.

I limousinen sat også ein annan passasjer, eksverdsmeister Boris Spasskij. Sjakkspelarane kom fram til den mest fasjonable villaen i Aspen. Kaufman ringde kundeservice i sitt eige firma, som spurde om alle leidningane var kopla til. Kaufman opna dekselet og fann ein laus leidning. Spasskij spela to parti mot Mephisto med resultatet 1–1. Milliardæren var nøgd. Dette var, skriv Kaufman, fyrste gong ein datamaskin vann eit «seriøst» parti mot ein tidlegare verdsmeister.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement