Frå sjakkverda

Bondekongen var ikkje død

Mikhail Zinar fotografert i 2008.
Mikhail Zinar fotografert i 2008.
Publisert

Det er noko vakkert med dam, ein gong eit seriøst brettspel i Sovjetunionen. Alt er så enkelt, berre kvite og svarte «bønder»; utan offiserane, kommersialiseringa og populariteten til sjakk. Eit hovudpoeng i dam er å få ein «bonde» over til sisterada, der han vert ei mektig «dronning».

Ein ukrainsk flymekanikar, Mikhail Zinar, byrja på midten av 1970-talet å analysera slutt­spel i sjakk med berre bønder og to kongar på brettet. Kor interessant kan det vera?

Zinar fann den eine nye ideen etter den andre. Her vil eg berre syna fram det enklaste dømet eg har funne frå skattkista til Zinar. Stillinga vart publisert i den lokale Pravda-avisa på Krim-halvøya i 1983. Korleis, som i dam, kan kvit vinna ved å få ein bonde til åttanderada, der han vert dronning?

Utover 1980-talet var Zinar akta som den fremste i verda i denne sjangeren. Han var kongen av bondesluttspel med statleg løn frå sjakklubben. Men etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart det tyst frå Zinar. Var han i live? Kollegaer i miljøet trudde han var død, då ein til slutt fann han på den ukrainske landsbygda i 1996. Han hadde nokre kyr, arbeidde på ein skule og tente under 200 kroner månaden. Han hadde ikkje råd til frimerke og heldt difor bondekunsten sin for seg sjølv, utan å korrespondera med sjakkmiljøet.

I 2000 selde Zinar sjakkbiblioteket sitt i Odessa. Nokre månader seinare stod det i sjakkpressa at han var død. I 2007 skulle to ukrainske sluttspelekspertar skriva ei bok om Zinar, då dei fann ut at han framleis var i live og arbeidde som landsbylærar.

Den vitale bondekongen vart i staden heidra med ein konkurranse der dei 32 fremste bondesluttspelekspertane i sjakkverda sende inn til saman 109 nye bondekomposisjonar «à la Zinar». Zinar døydde i februar 2021.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement