Frå ombodsmann til broklaus

Publisert

Denne stubben er eit «tre gonger tre hurra» for Kovaljov og postsovjetiske dissidentar. Per Egil Hegge kasta seg rundt førre veke då Sergej Kovaljov døydde måndag 9. august, 91 år gamal. Alt fredag same veke kom brikkene på plass i spalta hans frå Inderøy.

Eg vil berre leggja til eit kuriosum før eg kjem til sjakken. Kovaljov var ombodsmann for menneskerettar. Kva heiter det på russisk? Utruleg nok nyttar russarane ordet «ombudsmen», eit lånord frå svensk (med skandinavisk «fuge-s» mellom substantiva «ombod» og «mann»), det mest bisarre ordet i russisk språk. Det er tydeleg at ombodsmenn ikkje har ein naturleg plass i Kreml.

Som Hegge skreiv, var Kovaljov fysikar og intellektuell. Og difor sjølvsagt ein ganske sterk sjakkspelar òg, som det stod i nokre russiske nekrologar. Kovaljov hadde integritet og mot.

Ein av dei modigaste journalistane i Russland i dag er den overmodige sjakkjournalisten Jevgenij Surov. Om den einaste oppgåva til journalistikken var å vera kritisk til makta, hadde Surov vore eit journalistisk geni. Han maktar ikkje skriva ei setning utan å kritisera Putin, FIDE-presidenten Arkadij Dvorkovitsj eller det russiskstyrte FIDE. Surov er nekta tilgjenge til FIDE-turneringar i Russland, men han bur framleis i landet og skriv dagleg dei sure oppstøytane sine på Internett.

Surov kjende Kovaljov gjennom sjakken, og minte meg på eit anna Kovaljov-kuriosum: Den beste kviterussiske stormeisteren, Vladislav Kovaljov (27), har protestert mot regimet til Lukasjenko og spelar no under nøytralt FIDE-flagg. Han har flykta til Russland.

Og så er det historia eg har fortalt tidlegare om den ukrainsk-canadiske stormeisteren Anton Kovaljov (29), som slo ut Anand i World Cup i Tbilisi i det post­sovjetiske Georgia i 2017. Dagen etter kom Kovaljov til spelelokalet i shorts, slik unge menneske i Vesten kan kle seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement