JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Vatn på TikTok

Etter #WaterTok er ikkje vatn lenger kva det var. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vatn gjev mykje moro og mange klikk på TikTok. Men er trenden sunn?

Foto: Skjermdump frå TikTok.com

4274
20240126
4274
20240126

OK. Du veit når dagen din byrjar med at du vert sittande fast i internett? I ei kjede av små videoar som er så groteske at du ikkje orkar å sjå på dei, men samtidig så fascinerande at du ikkje klarar å slutte? I dag var det meg.

Eg vil seie det byrja temmeleg uskuldig: På leiting etter nytt tema til denne spalta googla eg «mattrender 2024». Kanskje kunne det dukke opp noko eg ikkje visste om frå før? Og gjett om det gjorde.

Eg bladde forbi reine råvarer, mindre ultraprosessert og mindre alkohol medan eg tenkte at jo, høyrest bra ut, men eg tvilar på om det gjeld for alle. Dette er mattrendar for middelklassen.

Kor må eg gå for å finne mattrendane til vanlege folk, skal tru? Svaret slo imot meg: TikTok, sjølvsagt. Det vert mitt fyrste møte med #WaterTok.

Ein halv time seinare sit eg framleis og ser på videofilmar av folk som filmar seg sjølv medan dei lagar – vatn. Ja, det stemmer: Veldig blide og energiske folk blandar vatn med isbitar og ulike smakstilsetningar frå spruteflasker med sirup og små porsjonsposar med pulver, medan dei fortel om kor viktig det er å drikke nok, og meiner at det dei presenterer, er oppskrifter.

Med andre ord: #WaterTok-trenden er vatn med tilsett smak. Og han er enormt populær: Emneknaggen har over ein milliard treff på TikTok, og sjølv i den verda er det temmeleg mykje.

«Alle desse sirupane har det til felles at smakane dei sel, er syntetiske.»

Smaken av havfrue

Tankegangen er lett å sjå: Mange slit med å drikke nok vatn i løpet av ein dag. Om vatnet smakar godt, er det lettare å få i seg. Å gje smak til vatnet med noko som ikkje inneheld kaloriar – ingen karbohydrat, ikkje noko feitt, berre god smak – vert framstilt som utan konsekvensar. Som å drikke vatn, berre betre.

Dei flytande sirupane kjem på glasflasker som liknar dei du finn på kaffibarar. Kaffisirupane smakar gjerne hasselnøtt, vanilje eller sjokolade. Vassirupane har eit mykje breiare nedslagsfelt, trass i at det verkar som det i hovudsak er éin produsent – Skinny Sirup – som står bakom dei.

Ja, her er jordbær og fersken og kokos, lime og dragefrukt, sukkerspinn og granateple, men om du kjøper settet på seks flasker som har fått namnet #WaterTok Viral sampler, får du òg med smakane Mermaid og Unicorn.

Smaken av havfrue og einhjørning på flaske, altså. Her håpar eg, truleg for fyrste gong i mitt liv, at det ikkje dreier seg om smak henta frå ei levande, veksande råvare.

Glittervatn

Det gjer det sjølvsagt heller ikkje. Alle desse sirupane har det til felles at smakane dei sel, er syntetiske – og smaken av havfrue og einhjørning er sjølvsagt smaken av ei førestilling om ei havfrue eller ein einhjørning. Ikkje minst er fargane som henta rett ut av jenteavdelinga på leikebutikken. Nokre endåtil med glitter.

Pulvera har, om mogleg, endå meir mangfald enn sirupsflaskene. Dei kjem i små enkeltporsjonspakkar, slike som du plukkar opp sukker og tørrmjølk i på kaffibaren. Fastfood-produsenten Sonic har ein variant som skal smake sjøvatn, Ocean Water. Drikken vert blå, men eg håpar han ikkje smakar saltvatn. Lettare fordøyeleg er det nok at du no kan få dropsa Skittles i flytande variantar, ein for kvar dropsfarge. Og ikkje minst: Du kan blande posar og sirupar. Ei dame med 1,3 millionar følgjarar har 3,7 millionar visningar av korleis ho blandar seg fram til eit vatn som smakar som brusen Mountain Dew: «Baby, make that and it’ll change your life».

Eitt er sikkert: #WaterTok-drikkarane får i seg mykje vatn, dei vil helst drikke fire liter om dagen. Like sikkert får dei i seg enorme mengder kunstig søtstoff, aromastoff og fargestoff.

#WaterTok er med andre ord det motsette av trendane som peikar mot eit reinare og mindre ultraprosessert kosthald. Truleg er han òg mykje meir utbreidd. Ikkje så rart når han kjem til ein brøkdel av prisen: Ei enkel fersk dragefrukt kostar 5 dollar hjå Walmart, same pris som for om lag 20 glas med dragefruktsirupvatn.   

Og om du lurte: Både pulverposar og sirupar er på veg til Noreg. Dei er alt å få kjøpt i ulike nettbutikkar, men heldigvis er dei plasserte i godterihylla, og ikkje i helsekosten. Lat oss håpe det held seg, for kaloriinnhald eller ikkje, om dei høyrer heime nokon stad, er det nett der.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis