JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Torsk

Om fisken er rein, har mykje anna kome til langs vegen frå hav til butikkhylle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det har vore lofotfiske før, her i 1972, og det er lofotfiske i år òg. Men kven tener på torsken?

Foto: Svein Hammerstad / NTB

4139
20210212
4139
20210212

Denne veka skal vi ikkje bruke tida på kva som eventuelt er skilnaden på torsk og skrei. Nei, vi lèt biologi vere biologi og held oss innanfor monaleg meir upresise vitskapar: marknadsøkonomi.

For dei fleste har no fått med seg at torsken er på full fart inn mot Lofoten. Det vert lofotfiske, slik det har vore kvart år i uminnelege tider, berre ikkje heilt som i fjor (har det nokon gong vore det?), fordi vi på grunn av ein velkjend pandemi ikkje får tak i nok utanlandsk arbeidskraft til å sløye fisken og styre fileteringsmaskinene.

Så langt, så vondt og vanskeleg for arbeidslause nordmenn som ein stund trudde dette var sjansen deira til oppleve eit vaskekte eventyr, kor kaldt og vått det enn er. Vondare for fiskeribransjen som, av ulike og meir eller mindre legitime grunnar, ikkje vil sleppe dei til.

Men kva med dei som faktisk hentar fisken opp frå lofothavet? Fiskarar er sjølvstendig næringsdrivande utan direkte ansvar for kven som står og tek imot fisken på land. Korleis påverkar situasjonen dei?

Låge prisar

Jau, dei vert råka av fallande råvareprisar, temmeleg sterkt fallande råvareprisar: I skrivande stund er prisen på sløgd og hovudkappa torsk 26,51 kroner per kilo. Det er kring ein fjerdedel lågare enn på same tid i fjor – 34,82 kroner per kilo.

Årsakene er ikkje berre manglande arbeidskraft på land, sjølv om mange av dei er koronarelaterte: Stengde restaurantar er ei monaleg innskrenking av marknadene både innan- og utanlands. Det vart eksportert 34 prosent mindre fersk torsk i januar 2021 jamført med same månad året før.

Innanlands vert noko av restaurantmarknaden erstatta av daglegvare. Men det er ein vesentleg skilnad på oss når vi går på restaurant, og når vi går på Kiwi, Rema, Coop eller Spar: betalingsviljen. Om vi går ut og et for å kose oss og bruke litt ekstra, går vi på butikken for å spare pengar.

I alle fall er det slik vi vert fortalde at det er. Gjerne av daglegvarekjedene sjølve. Samtidig veit vi at fleire testar viser at matvareprisane i daglegvarebutikkane auka med kring 20 prosent i fjor.

Er prisane eigentleg så låge? På fisk, då, til dømes, spesifisert ved torsk, sidan det no er det vi ser på i dag? På Spar kan du for tida kjøpe Gourmet Torskefilet frå Findus for 228 kroner per kilo. Det er 8,6 gonger råvareprisen fiskaren fekk. Torsk frå Lerøy i filet kostar 200 kroner per kilo, medan fersk filet frå Domstein hos Rema ligg opp mot 250 kroner.

Då er sjølvsagt skinn og bein og i somme tilfelle dei mindre edle delane av fiskjekjøtet fjerna, så ein viss jobb er sjølvsagt gjord, og den skal nokon ha betalt for. Men ein tommelfingerregelen på profitt på 200 kroner per kilo er framleis god margin, er det ikkje?

Lågare marginar

Lat oss samanlikne med ein liter mjølk: Her fekk bonden som leverte elitemjølk frå ku i januar, betalt 4,69 kroner per liter. Tine pasteuriserer og homogeniserer og kontrollerer og pakkar mjølka, og sel ho vidare til til dømes Spar, som sel ho til meg og deg for 21 kroner per liter. Det reknestykket endar på 4,5 gonger råvareprisen.

Gris levert til Nortura ligg på kring 25 kroner per kilo (kløyvd og utan hovud og framlabbar – og prisen varierer etter kvaliteten), medan ytrefilet av svin hos Spar kostar kring 150 kroner, altså seks gonger råvareprisen.

Mykje tyder på at nokon tener godt på lofotfisket. Meir tyder på at dei som tener best, ikkje er dei som står i sløyebenken.

Det er ikkje noko nytt. Men kor vert pengane av? Eg skulle gjerne ha oppmoda folk der ute til å betale meir for fisken i butikken for å sikre skikkelege forhold i fiskerinæringa. Men ikkje om dei pengane går rett i lomma på alle mellomledda. Difor nøyer eg meg med ei oppmoding som diverre ikkje alle kan fylgje: Dersom du bur ein stad med ei kai og det av og til legg til ein fiskar der og sel fisken sin, så kjøp fisk av han, då, sjølv om det kanskje er ein liten omveg. Då gjer du ei god gjerning, og du får ein god middag – og du får høve til å oppdage kva fisken faktisk er verd. Det kan vere meir enn du trur.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mykje tyder på at nokon tener godt på lofotfisket. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis