Frå matfatet

Middagstips for travle

Å lage lettvint, sunn og klimavennleg middag på tjue minutt går fint.

Erna Solberg et middag, ho òg. Sjølv om vi ikkje veit kor lang tid det tok å lage denne middagen på Knarvik sjukeheim, vonar vi han var både god, sunn og klimavenleg.
Erna Solberg et middag, ho òg. Sjølv om vi ikkje veit kor lang tid det tok å lage denne middagen på Knarvik sjukeheim, vonar vi han var både god, sunn og klimavenleg.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Eg kom litt seint inn i den direktesende pressekonferansen på NRK P2 førre fredag. Så då Erna Solberg, statsministeren vår, med eitt snakka om mat og kva vi skal ete og ikkje, måtte eg inn på internettet og sjekka kva det heile dreia seg om – for statsministeren vår plar då ikkje snakke om mat, gjer ho vel?

Då Erna Solberg i nyttårstalen takka yrkesgrupper som har bidrege i koronatida, gløymde ho å takke for maten. Men førre fredag, då ho og regjeringa la fram tiltaka i sin nye klimaplan, snakka ho om mat. Då sa Erna fylgjande: «Det å lage lettvinne middagar, det å sørge for at den stressa barnefamilien kan lage ein lettvint, sunn og klimavennleg middag på tjue minutt, det er blant dei tinga vi må jobbe med å produktutvikle framover.»

Vår høgste folkevalde leiar meiner altså at lettvinn, sunn og klimavenleg middag på under tjue minutt er noko vi må ha nye produkt for å utvikle framover. Er mat verkeleg så vanskeleg? Eller kan det hende Erna har gløymt ein og annan rett på sin veg til toppen? Lat oss hjelpe henne å finne attende til den raske, sunne og gode kvardagsmaten.

Fisk og kjøt

Det fyrste vi må droppe om middagen ikkje skal ta meir enn tjue minutt, er vel potetene? Eg er sikkert ikkje den einaste som byrja matlagingskarrieren med å sette på potetene når eg kom heim frå skulen, slik at dei kokte ferdig samstundes med resten av middagen som mamma eller pappa lagde ferdig då dei kom heim. Store poteter koker seint. Men små poteter koker raskare – mandelpotet, til dømes, koker på femten–tjue minutt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement