JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Mattryggleik

Vi importerer monaleg meir enn berre smågodt, Solberg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Båten som skiplar Solbergs sjølvforsyning: Soyabåtar som denne dreg ned norsk sjølvforsyning frå 50 til 36 prosent.

Foto: Rodolfo Buhrer / Reuters / NTB

4204
20210514
4204
20210514

«Selv om vi bare dekker 50 prosent av den normale diettens kaloriforbruk i Norge med egen produksjon, er det sånn at i en krise er ikke durumhvete blant de tingene det er viktigst å få tak i.» Det sa statsminister Erna Solberg i spørjetimen i Stortinget førre veke, på eit spørsmål som dreia seg om matvareberedskap i ein krisesituasjon.

Og det stoppar ikkje der: Midt i det som har vore nokre av dei mest hektiske vekene for norsk jordbrukspolitikk på ein del år, klarte altså statsministeren vår å seie: «Vi må kanskje klare oss uten sukkertøy og smågodt i en periode i en krise, men vi har utrolig mye fisk.»

Det er lov å spørje seg kva ein statsminister som er på val om få månader, tenkte på då ho valde nett desse orda. Kanskje var det det at bøndene utgjer ei veldig lita veljargruppe? Det er trass alt under 39.000 gardsbruk att i Noreg, 9 promille av dei med røysterett. Og at dei, bøndene altså, er så uinformerte at dei ikkje vil merke at det ho seier, er direkte feil?

Ja, for éin ting er at det Solberg sa i spørjetimen, i beste fall er småfrekt. Verre er det at det er såpass gale at om vi skal tolke det bokstavleg, kan det faktisk vere farleg. Det synest som statsministeren ikkje er klar over at det ho kallar ei sjølvforsyning på 50 prosent, er basert på massevis av importerte fôrråvarer.

Bergingsbåt

Lat oss gå åtte år attende i tid. Den 5. mars 2013 publiserte Aftenposten ei sak som skulle få mykje å seie for debatten om norsk matproduksjon. Dei på innsida visste det alt, men det var fyrste gong sanninga verkeleg kom ut: Saka heitte «Båten som berger oss», ingressen fortalde at «Norsk landbruk er bare en båtlast unna havari. En månedlig skipslevering av soyabønner fra Brasil er det som holder dyreholdet vårt flytende». Artikkelen byrjar med at dåverande leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, slår fast at kyllingproduksjonen ville knele nærast med ein gong og svineproduksjonen verte redusert kort tid etter dersom soyabåten slutta å kome.

På desse åtte åra har nokre ting skjedd. Svineproduksjonen har klart å gjere seg mindre avhengig av soya som råvare i kraftfôr, og delen har gått ned i fôret til mjølkekyr, men høgtytande kyr er framleis heilt avhengige av proteinrikt kraftfôr ikkje berre for å mjølke, men for å halde helsa.

Det inneber heller ikkje at soyaimporten har gått merkbart ned på dei same åtte åra. For medan nokre landbaserte husdyr et litt mindre, har våre nye, symjande husdyr byrja å ete monaleg mykje meir: Oppdrettslaksen vår et no åleine minst like mykje soyabønner som alle dei andre husdyra våre.

Matvaretryggleik

Laks treng protein for å gje protein attende. Og at laks er ei god proteinkjelde, det har Solberg fått med seg: «Vi er en av verdens største fiskematprodusenter. Vi har tilgjengelig proteiner i mangfold, som ligger i merder», sa ho i spørjetimen. Og gløymde å nemne at om lag tre fjerdedelar av fôret til oppdrettslaksen er importert.

For vi importerer fleire fôrråvarer enn berre soya. Til laksen går det med massevis av fiskemjøl frå peruansk anchoveta. Til ku, gris og kylling importerer vi karbohydratråvarer som mais og feittråvarer som raps, og ulike mineral. Samlar vi den landbaserte delen av alt dette, endar vi på ein sjølvforsyningsgrad på kring 36 prosent – litt over ein tredjedel, med andre ord, i tillegg til det vi framleis klarar å hauste av vill fisk i havet (fisken er jo, av ein for dei fleste uforståeleg grunn, ikkje ein del av sjølvforsyningsgraden vår).

Har verkeleg ikkje statsminister Erna Solberg fått med seg dette? Eller, endå verre, har ho fått det med seg, men meiner det ikkje har noko å seie for matvaretryggleiken i Noreg?

Nei, eg trur ikkje Solberg trur kua produserer heilmjølk heilt av seg sjølv, eller at kyllingen berre poppar seg stor og slakteferdig som eit popkorn i kjelen. Men eg trur ho undervurderte krafta og kampviljen i den norske bondestanden av 2021.

Dei finn seg ikkje i å verte tekne for gjevne eller avfeia med litt smågodt. Det gjer dei heilt rett i.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det synest som statsministeren ikkje er klar over at det ho kallar ei sjølvforsyning på 50 prosent, er basert på massevis av importerte fôrråvarer. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis