Etande førebilete
Kampen for meir heimelaga mat får hjelp frå uventa hald.
Selena Gomez er artist, skodespelar, forretningskvinne og hobbykokk med eige TV-program.
Foto: Jordan Strauss / Invision / AP
OK. Eg har hamna i den merkelegaste matmanien min så langt, trur eg: HBO-serien Selena + Chef. Selena i tittelen viser til artisten og skodespelaren Selena Gomez. At eg hamna i nett denne serien, vert ikkje mindre merkeleg av at eg ikkje visste kven ho var. Det syner seg at ho har godt over éin milliard avspelingar av hiten «Lose you to Love me» på Spotify.
Vel, akkurat det lèt seg nok forklare med algoritmar, men lat oss sjå nærare på dette seriefenomenet: Vi byrjar i 2020. Det er koronapandemi, det er karantene, og 28 år gamle Selena sit i herskapshuset sitt og får ikkje til å lage mat til seg sjølv, veninnene og besteforeldra ho har invitert inn i karantenelivet sitt.
Korleis det vert omsett til ein TV-serie på ni episodar, der Selena i kvar episode får hjelp av ein ny kjendiskokk til å lage nye rettar via videolink, skal eg ikkje seie (men dama har forretningssans). Men det er iallfall det som skjer: Fransk omelett med Michelin-kokken Ludo Lefebvre, grønsakbuffé med surdeigsikon Nancy Silverton og ramen med kokebokforfattar Candice Kumai er blant rettane og kokkane som dukkar opp på TV-skjermen min – og skjermen Selena har på kjøkkenet sitt – i løpet av fyrste sesong av serien.
«Selena og venene hennar heiar på meir smør og ost i matlaginga.»
Ikkje så flink kokk
Og ja, barnestjerna Selena Gomez er temmeleg ubrukeleg på kjøkkenet. Ikkje berre har ho for lange negler til å kunne halde kniven på fornuftig vis, ho kløner med å få sett på steikeomnen på den utruleg fancy gasskomfyren sin, og ho brekker seg fyrste gongen ho må stikke handa inn i ein rå kylling – for ikkje å snakke om då ho må handtere ein rå blekksprut.
Likevel held eg fram med å sjå, og Selena held fram med å hakke, steike, bake og utfordre seg sjølv – og jammen vert ho stadig betre. I sesong to er det framleis covid-19-karantene, og serien er like ustrigla, men Selena gjer ikkje lenger noko nummer av å handtere rått kjøt. Ho vert betre. Ho kosar seg med å lage mat, ho blir stolt og får meistringskjensle.
Så er sjølvsagt alt veldig amazing og perfect og soooo good, vi er trass alt i USA, og eg er temmeleg langt unna kjernepublikummet for denne serien. Nett det er faktisk nesten heile poenget: Selena Gomez når ut med matlagingsglede, kunnskap og motivasjon til ei gruppe eg aldri kunne nådd ut til – og kanskje endåtil ei av gruppene som treng det aller mest.
Når Selena og venene hennar heiar på meir smør og ost i matlaginga, dyttar dei ei sunn og naturleg haldning til mat inn i dørsprekkar der slikt verkeleg kan vere naudsynt. Når Selenas veninne Raquel avslører at ho aldri før har skrelt ei gulrot, er ho truleg langt frå den einaste. Hjå Selena byrjar alt med råvarer, og det må vere lov å håpe at det betyr noko for nokon som elles ikkje ser slikt for ofte.
Med kroner på kortet
Kanskje kan det bety noko av det same som når Erling Braut Haaland for ei tid sidan sa i ein populær fotballpodkast at matløyndomen hans er å ete mest mogleg reine råvarer og minst mogleg ultraprosessert mat. I mine auge hadde det slått endå litt hardare om han ikkje samstundes hadde lansert ein temmeleg prosessert Haaland-iskrem saman med Hennig-Olsen, men det kan nettopp vere meg – og av Haaland og meg er det berre éin som har over 38 millionar fylgjarar på Instagram.
Ikkje eingong Jon Almaas er i nærleiken av det, likevel puttar eg han i same kategori når han no skal verte bonde på TV Norge: Kategorien for dei som opnar realitetane i matkvardagen for nye målgrupper. Bra greier.
Men idet eg gjer det, slår det meg òg at dei tre har minst éin ting til til felles: Almaas betalte nærare tolv millionar kroner for å få høve til å prøve seg som gardbrukar. Trykkokaren og kjøkkenmaskina Selena Gomez slit med å få til å fungere, er flunkande nye – og spinndyre. Haaland har råd til å ete prosess-is berre på reklamefilm.
Der er dei temmeleg langt unna store delar av fankrinsen deira. Dei er rett og slett tydelege døme på ei verd der rein, sunn og heimelaga mat har vorte luksusprodukt.
Det hjelper ikkje om du har aldri så mykje lyst til å skrelle gulrøter og handtere rå blekksprut, dersom du er nøydd til å leve på kjeks fordi usunn ferdigmat er det einaste du har råd til. Sunn mat har gjort ei klassereise som for fleirtalet av oss har vore temmeleg usunn.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Til å verta kvalm av
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.