Frå innsidaNår ein spelar sjakk, kan ein ikkje tenkja på anna. Det finst ikkje noka verd utanfor brettet. Denne veka kan eg ikkje tenkja på anna enn sjakk og eliteklassen i noregsmeisterskapen.

Tysdag femte runde. Eg spelar kreativt mot juniorverdsmeisteren Aryan Tari (19). Eg trur på eit tidspunkt at eg kan vinna, men det endar med nok eit tap.
Tysdag femte runde. Eg spelar kreativt mot juniorverdsmeisteren Aryan Tari (19). Eg trur på eit tidspunkt at eg kan vinna, men det endar med nok eit tap.
Publisert

Når ein spelar sjakk, kan ein ikkje tenkja på anna. Det finst ikkje noka verd utanfor brettet. Denne veka kan eg ikkje tenkja på anna enn sjakk og eliteklassen i noregsmeisterskapen.

Fredag fyrste runde. Eg tek ein tidleg buss til Sarpsborg og møter berre éin sjakkspelar på bussen. Fastlegen Frode Elsness (45), noregsmeister i 2008, har teke dagen fri frå jobb og familie. Eg skjønar kvifor. Han skal førebu seg til partiet mot meg same kveld. Vi møttest alt i landsturneringa i 1991. Av dei norske veteranane er han den mest seriøse. Eg har ikkje noko val, men må spela noko eg ikkje kan for å koma ut av teorien hans. Intuisjonen min seier at det kan vera noko i stillinga. Og det er det. Eg finn eit smart trekk. Kan eg vinna eit mønsterparti? Nei, eg vert nervøs og rotar det til. I tidsnauda har eg ikkje kontroll. Eg legg ei felle, som han går i. Eg vinn likevel.

Laurdag andre runde. Eg les korrektur på den nye sjakkboka mi til klokka 01.30. Men eg vaknar opp klokka 04.30. Eg får ikkje sova. Eg er så nøgd med sigeren frå i går og les vidare på manuset i tre timar. Eg møter femterangerte Johan-Sebastian Christiansen (20). Han er profesjonell sjakkspelar og den beste lynspelaren i landet etter Carlsen. Han er sponsa av klokkemerket Van Doren. Eg spelar eit nytt trekk i opninga utan suksess. Eg tenkjer lenge og drikk tre–fire koppar kaffi. Hovudet fungerer, og eg reknar godt jamvel om eg nyttar nesten all tida mi på dei fyrste 13 trekka. Eg held remis i sluttspelet.

Sundag tredje runde. Eg har svart mot Simen Agdestein (51), sju gonger noregsmeister. Han var verdsstjerne og helten min i 1980-åra. Då eg debuterte i eliten i 1988, vann han med 8,5 av 9 poeng. Eg førebur meg ikkje, men les meir korrektur på boka. Eg veit at Simen vil finna på noko originalt i opninga. Eg spelar mitt beste midtspel på år og dag. Eg får ei nesten vunnen stilling, men har for mykje vørdnad. Partiet endar med remis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement