Ytringsfridommen – no
Rasmus Paludan nyttar den svenske ytingsfridommen til å brenne ei utgåve av Koranen utanfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm.
Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB
Førre fredag skreiv eg om alt rommet ytringsfridommen hadde rydda seg dei siste hundreåra. Etter kvart vart det lov å ytre seg frimodig om det meste, som Gud og kongen og mykje anna.
Men når det gjeld krig, militærsaker, alliansar og den slags, må ytringsfridommen framleis trø varleg om han ikkje vil komme i konflikt med mektige krefter i samfunnet.
Under den siste verdskrigen stod det fram ei sterk motstandsrørsle i Finnmark. Denne rørsla hadde eit nært samarbeid med grannen i aust, Sovjetunionen. Dei hadde sams fiende, nazismen og Hitler.
Så var krigen over, og det vart kald krig. Gamle venner i Finnmark kom på kvar si side i denne nye krigen. Sovjetunionen vart fienden. Det gamle samarbeidet fekk eit mistankens slør over seg.
Uroa for Sovjetunionens framtidsplanar var reell. Hendingar sør for oss var skremmande: Aust-Berlin, Tsjekkoslovakia, Ungarn.
Resultatet vart at gamle motstandsfolk vart overvakte og trakasserte. Var dei til å stole på i dagens situasjon?
Å vere kritisk til det som her skjedde, var ikkje lett. Makta imot var for stor.
Ytringsfridommen hadde dårlege kår, fordi det var blitt så kaldt i verda.
Først mange år etter krigen fekk Finnmarks motstandfolk sitt minnemerke i Kiberg, eit sentrum for motstanden. Kong Harald delte ut heider. Lund-kommisjonen og bøkene til Kjell Fjørtoft fortel om vilkåra for ytringsfridommen i vinterkulden.
Varslarar i USA som fortel om amerikanske overgrep i krigen mot internasjonal terror, kjem på kant med systemet og får det vanskeleg, om dei då ikkje rømmer landet. Å bruke ytringsfridommen som ein varslingsrett kan vere risikabelt.
Dansken Rasmus Paludan ser med uro på det han ser som islamiseringa av Vesten. For å åtvare mot dette bruker han den lovfesta ytringsretten sin. Han brenner Koranen, blad for blad, utanfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm.
Muslimar blir rasande, president Erdogan i Tyrkia også.
No søkjer Sverige seg inn i Nato, etter tiår med nøytralitet, skremde av Russlands framferd i Ukraina.
No er regelverket i Nato slik at alle medlemmene må godkjenne nykommarar før dei blir sleppte inn.
Og no seier Tyrkias president nei til å sleppe det koranbrennade Sverige inn i Natos trygge hamn. Og han verkar såra, kompromisslaus, sint og ubøyeleg.
Dermed er Sverige i ein situasjon der den lovfesta ytringsfridommen, no som koranbrenning, blokkerer den viktigaste utanrikspolitiske avgjerda landet har tatt i moderne tid.
Det handlar om rikets tryggleik i ei farlegare verd. Og no stengjer Rasmus Paludan og president Erdogan Sverige ute frå den forsvarsalliansen dei meiner dei treng.
Det står att å sjå om Sverige kan eller vil finne seg i dette, om ytringsfridommen, no som koranbrenning, får overprøve svenske val i tryggingsspørsmål.
Å halde landet trygt er den viktigaste oppgåva for ei regjering.
Det er ikkje innlysande at ytringsfridommen, no som koranbrenning, kjem uskadd frå dette.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.