Frå historia
Verda som mysterium
Dette biletet som er tatt av Hubble Space-teleskopet, er det djupaste vi har sett inn i universet.
Foto: Nasa / AP / NTB
Gjennom historia har livet i stor grad handla om å berge livet: å skaffe mat til seg og sine, å skape vern mot uvêr og kulde og mot farlege grannar. Det trygge livet, med mat nok og ein lun og trygg heim, har vore for dei få. Livet har stort sett vore kort, hardt og brutalt, er det sagt.
Men midt i alt det daglege slitet, med mykje dramatikk i kvardagen, er det ein og annan, her og der, som har sett seg ned og fundert over det faktum at verda finst, og at ho er som ho er. Og så vart det skapt forteljingar, verda over, om korleis verda vart som ho er. Skapingsforteljingar er det uendeleg mange av.
For tusen år sidan bytte vi ut den norrøne skapingssoga med den jødiske/kristne. Her vart skapinga og skapingsmysteriet tatt vare på av ein allmektig Gud, som gjorde det heile unna på seks dagar. Det var eit storverk, verdig skaparverket og ein allmektig gud. At Gud var allmektig, var fullgod og gyldig forklaring på at verda var, og at ho var som ho var. Her var ikkje mykje å diskutere og tvile om. Og forklaringa var forståeleg.
Dei siste hundreåra har framstormande vitskapar gått laus på denne forteljinga, og ho står ribba tilbake. Dei som trur at det var slik verda vart skapt, blir færre og færre. I staden har den såkalla utviklinga, det naturlege utvalet, tatt styringa i skaparverket. Ho har ikkje noko fast mål med det ho driv med. Ho skal ingen stad. Men ho leverer og leverer, og ho har endra verda gjennom tallause tusenår. Den styrande, allmektige Gud er erstatta av tilfeldige krefter som ingen forstår eller rår med. Og ingen veit kvar vi skal.
Det siste hundreåret har vi, på våre kantar, fått ei heilt ny skapingssoge, om korleis verda og universet vart til. Førre hundreåret var av dei mest dramatiske i fysikkens historie. Kunnskapen om det største, universet og stjernehimmelen, og det minste, atomet og partiklane der, vart dramatisk utvida. Einstein opna kunnskapsballet, og kvantefysikarane kom etter. Verda var endra.
Og vi fekk ei ny skapingssoge: No vart universet skapt for 13,8 milliardar sidan, ved ein kosmisk eksplosjon kalla The Big Bang. Og no arbeider astronomane seg bakover mot denne hendinga, for å få vite mest mogeleg om henne. Terje Avner skriv om dette i Aftenpostens vitskapstidsskrift nr. 4/2018.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.