Frå historia
Vegen til dagens Finland
Bilete frå borgarkrigen i Finland i 1918.
Foto: Ukjend / NTB
Aviser med lang historie blar gjerne tilbake i historia si for å gje lesarane korte glimt frå den lange fortida.
Dagens Næringsliv, tidlegare Norges Handels og Sjøfartstidende, har ei fast spalte der dei hentar fram meldingar som er hundre år gamle. 10. juni i år har dei ei melding som fortel om politisk uro i Finland for hundre år sidan.
Oktoberrevolusjonen i Russland skapte politisk uro i Europa, også i Finland.
10. juni 1921 kunne Sjøfarten, som avisa vart kalla, fortelje frå Stockholm at politiet har funne papir «hos de for landsforræderi arresterte kommunister» som fortel «at meningen var at faa istand bolsjevikoprør i Finland, Nord-Sverige og Nord-Norge samtidig». Og «der ventes nye avsløringer, da som bekjendt en mængde røde finner opholder seg i Nord-Sverige efter det mislykkede oprør i Finland».
Og vi, i 2021, får ein glytt inn i Finlands vonde og dramatiske historie. Av dei nordiske landa har Finland den tyngste og blodigaste historia, med fleire okkupasjonar og ein rå og brutal borgarkrig.
Historia har i moderne tid plassert Finland mellom to rivaliserande stormakter, i vest eit Sverige på nedtur og i aust eit Russland på opptur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.