Frå historia

Vatnet

Grasbrann ved Bumbalong, sør for hovudstaden i Australia, Canberra, denne veka.
Grasbrann ved Bumbalong, sør for hovudstaden i Australia, Canberra, denne veka.
Publisert

Vatn er nødvendig for alt liv, slik vi kjenner livet og tenkjer om det. Når astronomar og andre stjernekikkarar ser etter liv på andre himmelkroppar enn vår, er det to ting dei ser etter. Viser spektralanalysen av det innkomande lyset frå himmelkroppen signal om at det kan finnast vatn der? I så fall er eit av grunnvilkåra for liv til stades. Og er det variasjonar i lyset som kan tyde på det blir klussa med, manipulert, av nokon eller noko? Då kan det vere nokon eller noko der.

Vatnet har fått ei hovudrolle i historia. Det avgjorde kvar folk kunne leve og bu. Og det forma samfunn. Nilen skapte Egypt. Dei årlege flaumane førte fruktbart slam utover markene og skapte gode avlingar. Flaumane skapte også ein kalender. Ein måtte ha oversyn over tida og året. Og Nilen skapte strid. Kven hadde rett til å bruke vatnet på hennar lange veg mot havet?

Gamle Mesopotamia, eit flatt land, dagens Irak, ligg mellom Eufrat og Tigris. Her utvikla det seg eit komplisert irrigasjonssystem som spreidde elvevatnet utover dei flate jorda. Det måtte utviklast, påbyggjast og haldast ved like. Og det dyrebare vatnet måtte fordelast, etter makt og kanskje litt rettvise.

Dette dreiv fram ei sterk sentralmakt, med lover, reglar og byråkrati. Gamle dokument fortel om det. Vatnet skapte staten og lovene.

Vi finn restar av slik vasstenking også i gammal norsk rett. Gamle skøyte definerer rettar som følgjer garden, ut over eigedomsretten til eiga jord, rettar som er eit krav mot grannane. Det kan handle om vegrett, slik at ein kjem fram til garden sin; torvrett, der torv finst; fiskerett, der det er godt om fisk; skavrett, om det er godt med lauvskog. Og vassrett. Er garden utan sikker vasskjelde, har han fått rett til å skaffe vatn, frå vatn, bekkar, elvar og brønnar som ligg på andre gardar. Vatn må alle ha. Og storsamfunnet, ved sitt lovverk, ser til at vatn er tilgjengeleg for alle. Ingen skulle vere vasslaus.

Religionen byggjer vatnet inn i si gudestyrte verd, som alt anna som er viktig. Mosebøkene fortel om ferda til israelittane og deira ferd gjennom øydemarka på vegen frå Egypt. Der vart dei tomme for vatn, som ein lett blir i øydemarka, og dei leid vondt. Då greip Gud inn. Han gav Moses ordre om å samle israelittane framfor eit berg. Der lova han dei vatn frå dette berget. Det trudde dei ikkje på. Så slo Moses på berget med staven sin, og vatnet fløymde, nok til både folk og fe. Jesus lova at dei som valde å følgje han, skulle få det levande vatnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement