JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Svenskane i mellomalderen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Carta marina», kartet Olaus Magnus teikna i 1539, er rekna som det fyrste nokolunde pålitelege kartet over Norden.

3565
20210507
3565
20210507

Den eldste skandinaviske historia held framleis på mange av løyndommane sine. Det gjekk lang tid før andre folk hadde noko å fortelje om forfedrane våre, der dei budde i kulden langt mot nord.

Pytheas frå Marseille skriv om eit landområde han nådde i ca 325 f.Kr., seks–sju dagsreiser nordover frå nordkysten av Britannia. Han kalla området Ultima Thule. Det er vanleg oppfatning at det er området mellom Trondheimsfjorden og polarsirkelen han har sett. Folket der levde av frukt og korn som dei treskte i låvar, fortel Pytheas. Nemninga blir brukt i antikken, om landa i nord, ei kald øydemark.

Den første europeiske historieskrivaren som tok for seg Skandinavia og Nord-Tyskland, var Adam frå Bremen, som skreiv på 1070-talet. Han skreiv eit stort verk om erkebiskopane i Bremen-Hamburg. Det er ei sentral kjelde til historia for dette området fram til hans eiga tid.

Adam frå Bremen veit mykje. Folka i nord sender bufeet sitt ut i øydemarka om sommaren, kan han fortelje. Det er nok seterdrifta han har høyrt om.

Sed og skikk er han opptatt av.

Sverige er eit fruktbart land, rikt på storfe, skogar og elvar. Svenskane manglar ingenting, men dei er likevel eit nøkternt folk, som ikkje bryr seg om gull, sølv, fine hestar og staselege klede. Alt dette, som skaper så mykje galskap fordi menneska etterstrevar det så sterkt, ser dei på som verdlaust.

Einast når det gjeld å ligge med kvinner, kjenner dei ikkje noko måtehald. Alt etter økonomiske evner har kvar og ein to eller tre eller fleire koner samtidig. Rike menn og fyrstar har så mange at dei ikkje kan reknast. Dei ser på sønene frå eit slikt samliv som ektefødde.

Han som forfører annan manns kone, blir dømd til døden.

Det blir også den som valdtek ei jomfru, plyndrar eigedommen til nesten eller krenkjer han.

Alle hyperborear, dei som bur i nord, er gjestfrie, skriv Adam. Svenskane utmerker seg spesielt i dette stykket. Dei ser på det som den største skam å nekte reisande husrom, og dei tevlar seg i mellom om kven som skal få æra av å ta imot ein gjest. Dette er det vakraste innslaget i sedene deira.

Dei omfattar forkynnarane av den sanne trua med stor kjærleik, om desse er kyske, kloke og skikka til sitt oppdrag, seier Adam. Dei nektar ikkje biskopane å delta i dei offentlege folkeforsamlingane sine. Der lyttar dei villig til talen om Kristus og den kristne religionen. Og kanskje skulle dei lett gjennom preikene kunne overtalast til å ta trua vår, om det ikkje var fordi vonde lærarar, som søkjer sitt eige og ikkje det som høyrer Jesus Kristus til, forfører dei som skulle kunne bli frelste.

Det er misjonstid i Skandinavia. Adam er knytt til ein klosterskule i Bremen, der han sit og skriv historia si.

Olav Haraldsson er fallen på Stiklestad 40 år før, og Olav Kyrre regjerer i Noreg.

Misjonen kom litt seinare til Sverige enn til Danmark og Noreg. Og han kom i hovudsak frå Tyskland, medan han i Noreg kom frå England.

Heidenskapen beit frå seg. Senteret for denne motstanden var det gamle gudetempelet i Gamle Uppsala. Der hadde den brutale heidenskapen regjert, fortel Adam. Menneske vart ofra der. Ein gong hadde 72 menneskekroppar hange der samtidig, saman med hestar og hundar. Her er det nok misjonshistorikaren Adam som fortel om den blodige og avskyelege heidenskapen.

Kristninga gjekk fort. Ved sekelskiftet 1100 var Sverige stort sett kristna, fortel Tore Frängsmyr i Svensk idéhistoria: bildning och vetenskap under tusen år.

Skandinavia, ein gong Ultima Thule, hadde funne sin plass i den felleseuropeiske historia.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.

Foto: Fartein Rudjord / Norla

BokMeldingar

Heitt begjær ved islagt hav

Ingeborg Arvola held fram med soga om kvensk liv på 1800-talet.

Hilde Vesaas

Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.

Foto: Marcel Leliënhof

TeaterMeldingar
KristinAalen

Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten

Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis