JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Stormakter bruker makt

USA fekk fjerna sosialisten Salvatore Allende (t.h.) frå presidentembetet i Chile. General Pinochet var meir å lite på, meinte dei.

Foto: Enrique Aracena / AP / NTB

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3118
20230324
3118
20230324

Dette er ei banal innsikt som historia ustoppeleg dokumenterer.

Akkurat no er det den autoritære og litt forfalne stormakta Russland som viser den makta dei framleis har, ved å invadere grannelandet Ukraina.

Putin og Russland gjer det tydeleg for all verda at dei ikkje vil ha ein slavisk grannestat i sør som dyrkar ugreie vesteuropeiske tankar om demokrati som styringsform, tankar som kan smitte nordover og truge regimet nordafor.

Slike opprørske tankar har aldri fått faste røter i Russland, anten styret var autoritært tsaristisk eller autoritært kommunistisk.

Den russiske hæren blir sett inn for å verne moderlandet for smitten frå sør. Dette er god gammaldags stormaktspolitikk. Militærvesenet skal verne heimlandet mot trugsmål frå granneland, også om trugsmålet berre har form av opprørske tankar som kan undergrave regimet heime.

USA, stormakta i vest, har ei lang historie her. USA satsa på at general Battista skulle halde Cuba innafor den amerikanske maktsfæren. Det var eit mistak, og Fidel Castro, med si militærmakt og sin sosialistiske profil, overtok styret på Cuba.

USA aksepterte ikkje dette tapet. Eit kommunistisk regime som næraste granne i sør, ville dei ikkje ha. Dei prøvde seg med invasjon i Grisebukta på Cuba. Det var mislukka. Dei gjekk til grensa for atomkrig for å forhindre at dåverande Sovjetunionen fekk atombasar på øya.

Litt seinare fekk Kissinger og USA fjerna sosialisten Salvatore Allende frå presidentembetet i Chile. General Pinochet var meir å lite på.

I mellomamerikanske småstatar som Nicaragua, Panama og Guatemala har USA fleire gonger vore inne med handa på rattet.

USA vil ha kontroll med grannelaget sitt, også dei politiske tankane til dei som sit med makta.

Og regimet på Cuba er framleis ein stein i skoen for amerikanske presidentar.

Europa, som etter det vi kallar dei store oppdagingane, kom til å prege politisk tenking i dei verdsdelane som vart oppdaga, har alltid hatt problem med å halde orden på tankane heime og tankane til grannane.

Kristendommen slo igjennom ved våpenmakt. Dei gamle gudane vart drivne tilbake. Kristningskongane våre var vikingkongar.

Men freden la seg ikkje over det kristna Europa. Den kristne, europeiske guden viste seg å vere ein mangfaldig herre, med meiningar om mangt.

Religionskrigane kom, med Gud som deltakar på alle sider.

Trettiårskrigen, frå 1618 til 1648, er ein av dei store europeiske katastrofane. Delar av Europa var så øydelagde at det tok tiår å få landa på fote.

Då krigen var slutt, møttest dei europeiske maktene i Westfalen. Der vedtok dei at dette måtte få ein ende. Andre statar skulle ikkje blande seg i tru og tanke hos grannen.

Freden la seg ikkje i Europa, men religionskrigane tok slutt.

Når Russland no har invadert Ukraina, går dei inn i gammal og dårleg tradisjon i Vesten, i Europa og USA, der stormaktene grip militært inn i grannelaget mot tankar dei ikkje likar, og som dei oppfattar som trugande for eiga makt.

Om staten vil ha fred med stormaktsgrannen, får dei gjere, og tenkje, som stormakta vil.

Elles kjem stormaktsarmeen trampande.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis