Frå historia
Småting i storkrig
Veteranar frå sovjethæren paraderer på Den raude plassen med dekorasjonane sine 9. mai 2001, på sigersdagen, årsdagen for tysk kapitulasjon i 1945.
Foto: Mikhail Metzel / AP / NTB
I ein krig prøver to statar, eller to grupper, å øydeleggje kvarandre. Det kan stå om livet for staten eller gruppa som er i krig. Historia er full av forteljingar om statar eller folk som berre vart borte. Vae victis, stakkar dei som tapte, sa romarane.
Den tyske militærfilosofen Karl von Clausewitz hadde vore med i napoleonskrigane og kom etter kvart høgt på strå i det prøyssiske forsvaret, som sjef for krigsskulen. Hans hovudverk, Vom Kriege, som kom tidleg på 1830-talet, har fått mykje å seie for militærutdanning og militærtenking i Europa. Det er eit verk på over 1000 sider. Men hovudtanken i verket kan summerast kort: Det einaste som er absolutt forbode i krig, er å tape.
Krigen er då ein kamp for livet, der alt må mobiliserast. Kampen gjeld også kampmoralen. Han må ikkje svikte. Han er eit viktig krigsvåpen. Difor kan ein, om ein ser etter, finne avgjerder og handlingar som i ei ettertid kan te seg rare og sære.
I dei første krigsåra stod England og Churchill åleine mot Hitler. Churchill leidde kampen og la strategien.
Den andre verdskrigen var ein krig mellom industristatar. Industriproduksjon og råstofftilgang var viktig. Råstoffa var viktige og måtte rettast mot krigen. Gummi var eit strategisk råstoff for all krigføring. Og gummien i England vart rasjonert og vanskeleg å skaffe, til skosåling, bildekk og anna. Men Churchill og regjeringa gjorde eit unntak frå dette strenge rasjoneringsregimet. Gummiblåser til fotballar skulle framleis vere i fritt sal. Folk måtte framleis kunne spele fotball, også om det var krig. I alle fall når det var krig.
Om dette var med og avgjorde krigen, er det nok uråd å seie noko om. Men tanken var nok å prøve å berge den vanlege kvardagen, midt under bombing og dårlege krigsmeldingar. Og då høyrde fotballen med, i kampen om kampmoralen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.