JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Så juksar me litt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fjøskontrolløren fra Aktiemeieriet vitjar gardsnummer 3006, bruksnummer 4 Søndre Småberg. Her er han (unemnd, i vest med kvit skjorte), fotografert sammen folka på garden kring 1930.

Foto: Varteig Historielags fotosamling

2558
20230317
2558
20230317

Det var den gjennomheiderlege Ingrid Espelid Hovig som juksa framfor alt folket i beste sendetid på NRK. Men ho sa frå om det og berga ære og heider.

Ho skulle få ferdig ein matrett på den sendetida Fjernsynskjøkkenet hadde til rådvelde. For å greie det måtte ho gjere ferdig delar av matretten på førehand og setje desse delane i kjøleskapet. Når ho trong dei, kunne ho berre hente dei fram. Og hokuspokus, så fekk ho ferdig ein matrett på avsett tid, fordi ho hadde tjuvstarta, før sending.

Ho hadde juksa og sa frå om det. Det er ikkje alle som juksar, som seier frå.

Internasjonal toppidrett er full av juks av mange slag, som doping og målejuks. Gevinsten ved jukset, om det ikkje blir oppdaga, er stor.

Internasjonal toppfotball badar i tvilsame pengar, frå oligarkar i mange land: Russland, USA, arabarstatar. Fotballforbunda prøver å halde auge med pengestraumen, overgangsprisar og den slags, utan å lukkast.

Store stjerner blir tatt i grov skattesvindel. Toppidrett er ei økonomisk gjørme.

Siste året har vi også sett at våre folkevalde forsyner seg av gode dei ikkje har krav på.

Høvet skaper tjuv, seier eit gammalt ord.

Som 15-åring var eg kontrollassistent i Hesby fjøskontrollag. Den faste kontrollassistenten var sjuk. Fjøskontrollaga var ein del av det organiserte arbeidet som vart gjort for å løfte norsk mjølkeproduksjon på 1800-talet. Ein kontrollør gjekk frå gard til gard og vog mjølka frå kvar einaste ku og tok kvalitetsprøvar.

Det vart konkurrert mellom bøndene. Dei beste kyrne og dei beste bøndene kom i avisa.

Eg kom då til bonden og kyrne hans, først til kveldsmjølkinga og så til det følgjande morgonstellet. Så var vi ferdige. Neste kveld var det grannens tur.

Av og til hende noko merkeleg. Bonden eg skulle til neste kveld, var grytidleg oppe og gjekk i fjøset og mjølka, minst éin time tidlegare enn vanleg. Dermed gav han kyrne sine eit forlengd døgn til å produsere mjølka si, dei vanlege 24 timane pluss den eine dei fekk morgonen før eg dukka opp med vekta mi.

Dette slo ut for heile kuflokken, og såleis også for bonden, som fekk finare tal i bøkene. Den eine ekstratimen gav heider og ære.

Då sauekontrollen kom, var det lammevekta som vart målt. Då var det om å gjere å sleppe sauene og lamma ut på eit rikt beite dagen før og same dagen. Velfylte lammevommer, fulle av ferskt gras, kunne gje nokre gram, for ikkje å seie nokre hekto, på lammevekta når kontrolløren kom.

Fine tal gav heider og ære i saueflokken som i kuflokken.

Å jukse litt er nok ein gammal kunst.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis