Raske og farlege pengar
«Clive» måla av Francis Hayman ca. 1762. Etter sigeren ved Plassey i 1757 regjerte East India Company over store landstrekningar i India.
Pengar og andre verdipapir er symbolverdiar. Og som andre symbol, som dei religiøse, er dei avhengige av at folk trur på dei. Elles er dei ingen ting. Ein pengesetel eller eit aksjebrev har ingen eigenverdi. Papirverdien er null. Det er tankane og trua rundt papira som gjev dei verdi. Difor er dei fleste verdipapir, som pengar, svært sårbare. Og om tilliten blir borte, kan det bli dramatisk.
I januar 1923 var ein dollar verd 1000 tyske mark. I november same året vart kursen sett til 4,2 billionar mark. 39 papirfabrikkar og 1783 trykkpresser laga pengesetlar, og eit frimerke kosta ein milliard mark. Tysk økonomi var øydelagd, og Hitler kom.
Historia er full av papirverdiar som rett og slett går i oppløysing og blir sporlaust borte. Den finanskrisa verda framleis slit med, starta med at svære bokførte bankverdiar rett og slett fordampa. Dei vart søkk borte og fanst ikkje lenger. Statskassane måtte kaste ufattelege pengemengder inn i bankane for å berge dei.
For berre 20 år sidan var det IT som var framtida. Svære kapitalmengder strøymde til nyskipa og etablerte IT-selskap. Mange gründerar vart raskt søkkrike. «Bli stor fort», var strategien. Børsane jubla.
I Norden hadde vi to selskap i verdsklasse i denne bransjen, det svenske L.M. Ericsson og det finske Nokia, ein gammal gummistøvelprodusent. Dei gjorde det strålande, til glede for eigarane.
Så møtte bransjen veggen, også Ericsson. Inntektene kom ikkje slik det var venta. Ericsson melde frå om det til børsen, og kursen rasa. Milliardane flagra bort. Folk som hadde lånefinansiert aksjekjøpa sine, sat nakne att i kulden. Men Nokia greidde seg, sa dei. Så, ein dag, måtte dei melde frå at krisa var komen til dei også. Den dagen sat eg på nettet og følgde utviklinga på børsen. Nokia-kursen stupte. Det var underleg å sitje i godstolen og sjå ufattelege verdiar blafre forbi og berre forsvinne framfor augo mine.
I historia er dette ingenting nytt. Jernbanen skapte ei slik boble då han kom i 1840-åra, bilen og radioen på 1920-talet.
På 1500-talet oppdaga europearane verda omkring seg. Dei oppdaga folk, land og marknader. Til å ta seg av handelen med den oppdaga verda vart det skipa handelsselskap, med staten bak. England var først, med East India Company i 1600. Få år seinare kom Nederland med sitt selskap. Det danske ostindiske Compagnie kom i 1616, og Svenska Ostindiska Compagniet i 1664. Så var det i gang.
Eit slikt selskap var det franske Mississippikompaniet. Det vart skipa i 1684 for å hjelpe til med å utvikle dei franske koloniane i Nord-Amerika. I august 1717 vart selskapet kjøpt opp av ein fransk bank leidd av skotten John Law. Selskapet kjøpte opp fleire handelsselskap og fekk etter kvart monopol på handel på alle hav. Law var ein framifrå marknadsførar som utmåla rikdommane som låg og venta. Nye aksjonærar kom med, og det reiste seg ei spekulasjonsbølgje. Banken trykte nye pengar, garanterte av den franske staten, slik at aksjonærane kunne få utbyttet sitt.
Då den franske staten gjekk ut og fortalde at det ikkje var dekning for alle desse nytrykte pengesetlane i realverdiar, var det slutt. Aksjonærane møtte opp og ville ha pengesetlane sine innveksla i trygge myntar. Dei fanst ikkje. Konkursen var eit faktum, og John Law rømde til Belgia. Og Mississippikompaniet sikra seg ein trygg plass i historia om finans- og børsboblene.
Eit anna selskap var det britiske South Sea Company, skipa 1711 for å drive handel i det spanske Sør-Amerika. Dei var også framifrå reklamefolk, og kursen vart firedobla på fire månader i 1720. Tre månader seinare var han dobla ein gong til.
Fleire selskap, med det Wikipedia kallar «falske påstander om handelsplaner eller bisarre idéer», dreiv på same måten. Dei fekk namnet bubbles, bobler, og nemninga har sidan slått rot i språket.
I august 1720 var aksjekursen 1000 pund. I slutten av september var han komen til 150 pund. Det var slutt, og fleire tusen investorar var ruinerte, mange av dei var aristokratar. Isaac Newton var med og tapte 20.000 pund. Eg kan kalkulere stjernene, sa han, men menneskets galskap går over mine evner.
Historia fortel at Mammon er ein stilig og festleg dansepartnar. Men som andre gudar krev han ei fast tru på symbola sine, pengar og andre verdipapir. Om mistanke, tvil og vantru melder seg, er makta hans borte. Han går i oppløysing og fordampar.
Og tek dei raske milliardane med seg.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.