JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Ønskekonserten

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ønskekonserten var eit populært radioprogram. Her lyttar FN-soldatane Kai Johnsen og Arnvid Aas på Ønskekonserten i Gaza i 1957.

Foto: NTB

2781
20221125
2781
20221125

Ønskekonserten sende ein flaum av musikk over landet, musikk av mange ulike slag. Gjennom dette programmet nådde musikken ut til alle, også til miljø der musikktilbodet var nokså karrig.

Og folk sat og høyrde på. Kvar fjerde nordmann sat ved apparata, ein million menneske.

Programmet vart sendt kvar veke frå januar 1950, med kjenningsmelodien «Bojarenes inntogsmarsj» av Johan Halvorsen. Bojar var ei russisk overklassenemning.

Timen frå 20.00 til 21.00 skulle nå alle, og gjorde det. Borna fekk sitt først, så dei kunne få lagt seg. Så kom den meir livlege musikken, før den tungt klassiske og dei religiøse songane mot slutten.

Dei første åra sat folk i heimen sin på måndagskvelden og høyrde musikk og songar dei aldri hadde høyrt før. No vart denne musikken tilgjengeleg.

Noko vart opplevd som ukjent og rart. Noko vart sett pris på, og noko vande ein seg til over tid. Og noko tok ein til seg og bar med seg gjennom resten av livet.

Heime hadde vi orgelmusikk i kyrkja. Folk vart gravlagde til musikk av Bach og Händel. På bedehuset hadde vi moderne religiøse melodiar frå USA, England og Sverige. På lokalet var det dansemusikk. Ønskekonserten kom med eit mykje rikare tilbod.

Alf Prøysen og Nora Brockstedt song om tango for to.

Harry Brandelius song om «barndomshemmet, dår sadesfalten böjer sig for vinden».

Seterjenta nytta søndagen til å sjå på sola.

Den farga amerikanske bassen Paul Robeson song «Deep river, my home is over Jordan».

Schuberts Ave Maria la seg på topp første året. Det dukka også opp to andre bøner til Maria, ei av Bach/Gounoud og ei av ein Hugo Gyldmark.

Lapp-Lisa la seg på topp i 1968 med sin song om barnetrua si.

Kirsten Flagstad gav røyst til songen om Rondane.

Og Fanny Elsta var ofte å høyre med songen om si vandring med Jesus. Eit mektig kor slo inn i rommet med sin song om «Den store hvite flokk», som var å sjå «som tusen bjerge full av sne».

Ein framand musikalsk skapning var ofte å høyre i Ønskekonserten i 1956: «Rock around the clock» med songaren Bill Haley. Her var noko nytt på veg.

Mykje av den musikken vi i dag – litt nedsetjande – kallar svisker, høyrde mange av oss først i Ønskekonserten: Slavekoret frå Verdis «Nabucco», «Finlandiahymnen» frå Finlandia av Sibelius, koralar av Bach og ariar av Mozart, sluttsekvensen frå Beethovens niande, Griegs musikk til vinjesongane og til Peer Gynt.

For dei av oss som møtte klassisk musikk gjennom Ønskekonserten, er det i dag eit grenselaust tilbod av klassisk musikk i radio og på fjernsyn med eigne kanalar. Dei som likar annan musikk, har også nok å velje i.

For oss som var unge då bojarane sende dei første tonane sine over landet, var det Ønskekonserten som først fortalde oss om dei ufattelege rikdommane som låg i musikken.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis