Frå historia

Odin og Odyssevs

Moskenesstraumen slik Olaus Magnus såg han på «Carta Marina» i 1539.
Moskenesstraumen slik Olaus Magnus såg han på «Carta Marina» i 1539.
Publisert

Historieforteljing har alltid vore populær, frå kveden ved leirbålet i dei eldste tider fram til dagens iltre debattar om kva som er sanninga om det som hende i landet under den siste krigen.

Anne Eriksen har gitt ut boka Livets læremester. Historiske kunnskapstradisjonae 1650–1840. Der fortel ho korleis historiefaget utvikla seg i denne perioden, korleis den tids historikarar arbeidde med stoffet, korleis nytt materiale og nye funn trengde seg på og endra faget, før den store omforminga av faget kom på 1800-talet, med den moderne kjeldekritikken.

Éin ting var nye funn og forståinga av dei. I tillegg fanst det etablert og gyldig kunnskap som nye funn ikkje skulle rokke ved. Det gamle skulle stå seg og bli tatt vare på, medan det nye skulle byggjast inn.

Bibelen var slik gyldig kunnskap, som dei norrøne sogebøkene var det.

Jonas Ramus var fødd på Møre i 1649. Han vart prest på Austlandet. Han skreiv mykje, historiebøker og andaktsbøker som var i bruk fram til 1880-åra.

Boka Nori Regnum frå 1689 har ei norsk kongerekkje frå Harald Hårfagre fram til 1387. Boka er skriven på latin, men vart omsett til dansk i 1711. I boka argumenterer Ramus for at Odin og Odyssevs er éin og same person. I tillegg argumenterer han for at sjøuhyret og kvervelstraumen Charybdis, som Odyssevs måtte passere, var Moskenesstraumen i Lofoten. I 1702 gav han ut ei eiga avhandling om emnet: Ulysses et Otinus unus et idem – Odyssevs og Odin er ein og den same. Avhandlinga hadde også eit vakkert kart over Lofoten. Slik samansmelting av historietradisjonar, her den greske og den nordiske, var ikkje uvanleg på den tida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement