Frå historia

Myra på opptur

Myra fangar karbon.
Myra fangar karbon.
Publisert

I min barndom var myra ei utfordring. Ho var mislukka natur, nokså ubrukeleg og unyttig. Ein gong for lenge sidan, før den elektriske straumen vart tilgjengeleg i store mengder, hadde ho rettnok gitt varme i hus og heim.

Torvskjering var ei årleg onn der myrar fanst. Myra vart skoren opp i terningar, som så vart lagde til tørking i sola. Når terningane var tørre, vart dei køyrde til gards og lagra til vintervarme. I skogfattige område, som på Jæren, var det myrtorva som heldt varme i husa og fekk maten kokt. Heime var det fleire torvmyrar som var i drift i min barndom.

Så vart myra til overs som varmekjelde, erstatta av varmekjelder som var greiare å handtere og lettare tilgjengelege. Og reinslegare.

Då fekk myra ein ny karriere. No skulle ho tørkast ut, drenerast og bli til matjord. Å dyrke opp unyttig myr og gjere henne til dyrka mark var sett på som ei nasjonal oppgåve. Denne oppdyrkinga gjorde Noreg rikare og større. Folk snakka om myrsaka, ei nasjonal sak.

Entusiastar skipa Det norske Myrselskab, som samla og spreidde kunnskap om myrdyrking. Myrsaka fekk sine lokale entusiastar og eldsjeler som var med og bygde landet. Det vart delt ut premiar og pokalar, og i ei slekt eg kjenner, har dei eit stort skinnbrev, med stor tekst, hengande i stova, ein heider og ei helsing frå bønder i bygda for bestefars store arbeid for myrsaka.

Poenget med myra er at ho ligg under vatn. Oksygen kjem ikkje til. Det som rotnar, rotnar ufatteleg seint. I Danmark har dei grave opp såkalla myrmenn, menneske som har lege i myra i bortimot eit par tusen år. Dei er framleis nesten like heile.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement