Frå historia

Maten under krigen

Under den tyske okkupasjonen var det mangel på mat. Denne potetsekken skulle til dei tyske okkupasjonsstyrkane.
Under den tyske okkupasjonen var det mangel på mat. Denne potetsekken skulle til dei tyske okkupasjonsstyrkane.
Publisert

Svolten, for ikkje å seie hungeren, er ein trufast følgjesvein til krigen. Krigen, hungeren og pesten har gjennom all kjend historie vore av menneskets verste plageånder.

I krig kan matproduksjon bli øydelagd eller i alle fall vanskeleggjord. Etablerte handelsvegar kan bli stengde, med bortfall av daglege og vanlege matvarer.

I dag kan vi dagleg sjå i fjernsynet korleis krigen og svolten går hand i hand i Midtausten, i flyktningleirane og utanfor dei.

Dei siste hundre og femti åra har Noreg vore ein stor kornimportør. I siste verdskrigen vart mykje av denne importen borte. Og svolten kom.

Eg vaks opp på gard, med mjølk, kjøt og eigne grønsaker. I tillegg drog vi opp godt med fisk. Vi svalt aldri. Men også på bygda var det matmangel. Ungdommar i grannelaget kom innom oss på kveldstid for å sjå om det kunne vere mat å få.

I byane, med matkøar, var det verre. Svigerfar min, som budde på Majorstua i Oslo, fortalde med gru om ugløymelege frukostar: kålrabiskiver steikte i tran.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement