Frå historia

Maten er halve føda

Billeg importert korn tok over for norsk korndyrking og gjorde Noreg til det husdyrlandet vi er i dag, skriv Andreas Skartveit.
Billeg importert korn tok over for norsk korndyrking og gjorde Noreg til det husdyrlandet vi er i dag, skriv Andreas Skartveit.
Publisert

I det siste store danske fleirbindsverket om dansk historie skriv ein historikar om maten i dansk historie. Vår tid er nok den første som har greidd å halde hungeren ute av landet, skriv han. No har vi mat nok. Det er eit ungt historisk faktum.

Tilgangen på mat skaper historie. Kornmangel har utløyst opprør. Og matproduksjonen har forma samfunna våre. Kysten vart folkesett fordi det fanst fisk der. Innlandsbygdene vart til der det var dyrkbar jord. Maten og utvegen til mat kom først, og samfunna kom etterpå.

I En glad gut lèt Bjørnson bestefaren halde ei førelesing for Marit, som er så opptatt av sin unge kjærleik. Det er ei bestefarsplikt å snakka villfarne barneborn til rette:

«Jeg er gammel, jeg vet meget, jeg har sett mange ting; kjærlighet, ser du, det kan være vel nok, sånn til å snakke om, ja, men det duger ikke; det er godt nok for prestefolket og de deler, bøndene må ta det på en annen måte. Først maten, ser du, så Gudsord, og så litt skrivning og regning, og så litt kjærlighet hvis det så kan lage seg, men det nytter bitterdød ikke å begynne med kjærligheten og ende opp med maten.»

Det er nok beisk røynsle som ligg til grunn for bestefars moralpreike, som er bortkasta. Marit held på kjærleiken, og bestefar må la irritasjonen over barnebarnet gå utover alle rundt han, husmenn, tenestefolk, hundar og høns.

Å auke matproduksjonen var eit prioritert politisk mål. Meir mat vart sett på som ei hovudkjelde til auka velstand i riket, skriv Anne Eriksen i boka Livets læremester.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement