Frå historia

Luksus, synd og skam

«Honningtyven», av Albrecht Durer, 1514.
«Honningtyven», av Albrecht Durer, 1514.
Publisert

Bibelen er grunnboka i kulturen vår, med styring av tru og tanke gjennom tusenåra.

På dei første sidene i Første Mosebok, etter forteljinga om det fatale syndefallet, dikterte Gud livsvilkåra for menneska for all ettertid. Livet skulle bli hardt, brutalt og kort, som ein filosof ein gong formulerte det.

Kvinna skulle føde sine born med verk og vande, og mannen fekk vite at jorda var forbanna for hans skuld. Han skulle få slite for maten i alle sine levedagar og ete sitt brød med sveitt ansikt.

Det var karrige utsikter. Slit og fattigdom vart den etablerte, gudgitte normalen.

Og rikdommen har liten prestisje i Bibelen, spesielt i Det nye testamentet. Den rike mannen i evangeliet hamna i eldsjøen, medan den fattige Lasarus enda vel i Guds himmel. Og Jesus sjølv hevda at det var lettare for ein kamel å kome gjennom eit nålauge enn det var for ein rik å kome inn i Guds rike.

Men rikdommen fanst, og vart ei moralsk og tankemessig utfordring i hundreåra som kom. Tiggarmunkane tok avstand frå rikdommen og prakta i kyrkja. Mange gjorde fattigdommen til ei dygd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement