Frå historia
Lærarjorda
Lyngbø skule på klokkargarden i Finnøy, med lærarjord for to kyr, eller ei ku og sju-åtte vinterfora sauer.
Få har endra europeisk historie så mykje som Martin Luther. Éin ting var at han sprengde kyrkja og såleis kom til å endre europeisk kyrkjeliv. Ein annan historieformande tanke var den rolla han gav Bibelen. Bibelen var vegen til kunnskap om Gud og Guds tankar, tankar kvar og ein måtte finne fram til.
Då måtte Bibelen kunna lesast. Denne tanken vart ei drivkraft i det protestantiske Europa. Han kom til å forme europeiske språk. Bibelen måtte ut av latinens grep. Han måtte over i folkespråka.
Bibelomsetjingane kom til å forme mange folkespråk, i Tyskland, i England, i Sverige og Danmark. Og folk måtte lære å lese. Lesekunnskapen vart på sett og vis ein veg til den evige sæla, til kunnskapen om Gud. Og lesekunnskapen kom og voks. Ulike skuleformer dukka opp. Skule for alle er ein nykomar i europeisk historie. Og med skulen kom også læraren vandrande inn i historia.
Det vart ingen parademarsj.
Omkring år 1800 skriv kristiansandsbiskopen om lærarane i bispedømmet: «Skolelærerne vandre omkring, lide ondt ... i usle, indknebne Røgstuer ... have ikkun 2 til 4 Rdl årlig, ja til sine Steder intet».
Men ting var på veg. I 1889 kom lova om folkeskulen, ein femårig skule for alle. Han vart sjuårig i 1920.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.