JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Lammekollektivet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Søye med to lam på beite i Sødorpfjellet i Gudbrandsdalen.

Foto: Paul Kleiven / NTB

2509
20221209
2509
20221209

Lamma var små og morosame dyr. Dei hadde mykje moro, også med kvarandre, før dei sprang bort til mor si og fekk seg mat.

Leikane deira var av mange slag, stort sett nokså uforståelege for oss. Ein klassisk leik dei hadde, var å samle seg på ein liten haug på beitet. Der stod dei bom stille med føtene fast planta i bakken medan dei ivrig såg seg om. Så, brått, sette dei i fullt firsprang til neste haug, der dei stilte seg opp igjen, på akkurat same måten. Dette kunne dei halde på med utrøytteleg lenge.

Det eg aldri fekk tak i, var korleis dei fekk eit kollektiv til å reagere så samordna og spontant, kva som var det samordnande prinsippet. Min teori var at dei hadde eit signal, seg imellom, som alle forstod og oppfatta, men som eg aldri fekk tak i. Moro hadde dei det i alle fall.

Som liten gut hadde eg som jobb å ta saueflokken, med mødrer og lam, heim til kveldsmaten. Då hadde far lagt ut mat til sauene i troene langs veggen i sauefjøset.

Sauene visste dette og sette av stad i fullt firsprang for å kome først til matfatet. Lamma sprang etter i samla flokk. Bak dei alle sprang eg.

Sauene gjekk til maten. Lamma stilte seg opp midt på golvet, før det gjekk opp for dei at her hadde dei ingenting å gjere. Då snudde dei og ville springe ut.

Mi einaste oppgåve var å hindre dette, å stengje grinda før dei greidde å rømme. Om eg var for sein, vart det min jobb å samle dei seinare på kvelden. Det var ikkje alltid like lett.

Eg, som liten gut, måtte hindre at den raske ettertanken til lamma fekk uoversiktlege og alvorlege følgjer. Det var ein lærdom i dette, til nytte seinare i livet.

Ettertanke er klok manns ferd, rekna som nødvendig og forstandig. Men for mykje og for rask ettertanke kan forstyrre framdrifta i eit tiltak, skape problem og i verste fall øydelegge det.

For mykje og rask ettertanke kan vere skadeleg og lammande. Framdrift kan vere avhengig av at ettertanken blir halden i age, om nødvendig parkert.

Hamlet er inne på dette i ein av monologane sine, der han snakkar om «ettertankens kranke bleikskap».

Ettertanken tenkjer om det som har hendt, det som er blitt til uforanderleg fortid. Denne fortida er det lite å gjere med.

Å møte framtida nedlasta med tunge og forsiktige ettertankar kan kome til å låse tanke og fantasi. Og av og til må ettertanken berre parkerast og forkastast.

Det var det eg gjorde då eg stengde vegen ut i fridommen for lamma som ikkje såg nokon grunn til å bli i sauefjøset utan å ha noko å gjere der.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis