Frå historia

Kverna – eller mølla

Ei bekkekvern, der kornet vert helt opp i trakt og steinen mel kornet, som samlar seg på benken, før det vert feia ned i ein tank i fronten.
Ei bekkekvern, der kornet vert helt opp i trakt og steinen mel kornet, som samlar seg på benken, før det vert feia ned i ein tank i fronten.
Publisert Sist oppdatert

Plantefrø har i all kjend historisk tid vore ein viktig del av maten for menneske og dyr. Med framvoksteren av jordbruket vart det dyrka fram ulike vokstrar. Ein del kornsortar kom inn i historia.

Frøet er plantens forsøk på å sikre ei framtid for arten. Frøet, denne vesle tingen, skal ut i ei farleg verd og finne ein voksterstad der planten som ligg i frøet, skal få utfalde seg og skape plantar og nye frø. Livet skal gå vidare, og frøet er ein liten og viktig del av framtida for denne arten.

Frøet har ansvar for framtida.

For å bere dette ansvaret er det vesle frøet utstyrt med ei utruleg livskraft. Nokre frø som er funne i gamle graver, har framleis kraft til å spire og gro.

Fugleskit er ein klassiske spreiingsmåte for plantar. Fuglen har ete frø, og dei har gått uskadde gjennom magesystemet. Når frøa kjem på bakken, byrjar dei å spire, uskadde av det ugreie miljøet dei har fare gjennom. Dei har overlevd og kan gje livet vidare.

Dei fleste kornslaga har frø, korn, som er harde og vanskeleg tilgjengelege for menneskemagen i naturform. Frøa må knusast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement