Kunnskapens veg
Michael Faraday (1791–1867) oppdaga i 1831 at det var mogleg å lage elektrisk spenning ved å bevege ein magnet.
Målarstykke av Thomas Phillips
Den enorme kunnskapsmengda er kanskje det mest karakteristiske ved våre moderne kulturar. Dagens kunnskapsmengd er uendeleg, uoversiktleg og uhandterleg. Ingen veit alt, og det er lenge sidan nokon gjorde det. Det blir sagt at den tyske filosofen Leibnitz, som døydde for godt tre hundre år sidan, var den siste som visste alt. Om det er det lov å ha sine tvil.
Kunnskapen om det største, universet, er grenselaus og veksande, som universet er det. Små partiklar, som verda er bygd opp av, og som er så små at ingen nokon gong har sett dei, er blitt avlurte mange av sine løyndommar. Også det minste, for ikkje å seie dei minste, har levert grenselause og veksande kunnskapsmassar.
Og mellom det ekstreme – det største og det minste – flyt det eit hav av kunnskap, også kvardagskunnskapar som eingong var nye og spennande. No går vi rundt og veit meir enn vi anar.
Kunnskapen, og kunnskapshandteringa, organiserer samfunnet vårt. Enorme ressursar blir sette inn for at vi skal skaffe ny kunnskap. Mektige forskingsinstitusjonar driv med det. Like enorme ressursar blir sette inn for å spreie den etablerte kunnskapen.
I mange moderne samfunn blir mykje av barndomstida og det meste av ungdomsåra brukt til skulegang og læring av ulikt slag. I historia er dette relativt nytt. Men kunnskapen som triumferer i vår tid, har hatt ein lang veg å gå. Kunnskapens veg gjennom historia har vore stridsfull, bratt, ulendt og strevsam.
Dei joniske naturfilosofane, kring 500 år før vår tidsrekning, tok naturen ut av hendene på gudane og deira forklaringsmakt og gav denne forklaringsmakta til menneska. Og den europeiske naturvitskapen trengde seg inn i historia. Og gudane forsvarte seg, både i Hellas og seinare i det kristne Europa. Tilhøvet mellom kyrkja og naturvitskapen vart konfliktfylt gjennom hundreåra.
Kampen om Bibelens skapingssoge er av dei store kampane i europeisk historie og vart utkjempa på alle nivå i samfunnet. Mange kampar kom til å handle om Bibelens autoritet.
Fagnemninga geologi, læra om jorda, dukka først opp ved naturmuseet i Paris i 1741. Emna var gamle og kjende, men nemninga var ny. Og faget skapte to stridande lærer: neptonismen, som meinte at jorda hadde fått si noverande form gjennom Bibelens mektige syndflod, og plutonismen, som meinte at jorda hadde fått forma si ved ei gradvis utvikling gjennom uendeleg lang tid.
Syndfloda kom til å dominere faget i hundreår. Bibelen var framleis sterk i vitskapen. Bibelen var gammal og etablert kunnskap. Og den nye kunnskapen trengde seg på.
Og ny kunnskap vart skapt, på uventa og planlaus vis. Gjennom heile mellomalderen streva folk med alkymien, ein vitskap som skulle skape rikdom ved å gjere vanleg metall om til gull. Av dette vart det lite gull, men mykje kunnskap om kjemiske reaksjonar og samanhengar mellom ulike stoff, ein rikdom for kjemien som var i utvikling.
Hærane hadde feltskjerar og barberar med seg. Dei tok hand om såra soldatar og måtte auke og utvikla kunnskapen om korleis menneskekroppen var laga, på ein langt meir jordnær og fysisk måte enn det som vart gjort på universiteta rundt om.
Sjøfolka laga primitive kart over kystar, grunnar og farlege straumar, medan dei lærde streva med å få Bibelen og den fantasirike geografien i han inn på kartet. Det vart meir fantasi enn kunnskap.
Michael Faraday, ein av dei store i fysikken, var son av ein grovsmed i London og byrja i bokbindarlære, der han las det han kom over av naturvitskapleg litteratur.
I boka Den moderne verdens idéhistorie meiner Sven-Eric Liedman at grunnlaget for kjemien vart lagd av bergverksfolk, av handverkarar, til og med av trollmenn, ikkje på universiteta.
Dei enorme kunnskapsmengdene våre er rike historiske frukter, framdyrka gjennom tusenåra, tilsynelatande på tilfeldig vis.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.