JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Gudar er farlege folk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Girolamo Savonarola måla av Moretto da Brescia i 1524.

3356
20230203
3356
20230203

Gudane er ei gruppe historia har fare ille med. Sjefgudar, som Zevs, Jupiter og Odin med familiane sine, er søkk borte, parkerte i fortida. I dag er det ingen som bed eller ofrar til dei. Ingen tenkjer på dei lenger.

Dei vart alle etter kvart vart fortrengde av andre gudar. Gudeverda var i utvikling.

Verre var det at mennesketanken kvikna til og byrja å sjå seg rundt i verda og gjere seg eigne tankar om det han såg. Mykje nytt trengde seg inn i menneskesinnet.

Og då viste det seg at det vart trongt der. For det var her, i menneskesinnet, at gudane hadde sitt rom og sin eksistens, ein eksistens som kvilte på menneskets tru. Når trua svikta, og guden var utan truande rundt seg, var det ute med denne guden.

Tanken at gudane er skapte i menneskesinnet og har sitt liv der, er gammal. Den greske historikaren Herodot, som levde 500 år før vår tidsrekning, meinte at nubiarane, som budde sør i Egypt, under ekvator, og var svært mørke, hadde svarte gudar, medan oksar hadde oksar til gudar. Slik vart gudane til.

Og desse gudane likna på dei menneska som hadde skapt dei, sa Herodot.

Gudane skulle tukte menneskets overmot og halde mennesket nede og på plass.

Vi kjenner det att frå vår eiga skapingssoge. Då menneska sette seg opp mot Jahves vilje med den verda han hadde skapt, vart straffa nådelaus: utvising frå Edens hage og syndfloda.

Sidan har gudar drive med å straffe sine truande. Dei har vore sine eigne vaktmannskap. Gudestatar, som Savonarolas Firenze og Calvins Geneve, var tronge for dei som budde der.

I verda i dag er det mange statar der gudane og presteskapa deira regjerer. Det er strenge og brutale regime. Spesielt kvinnene blir straffa av desse regima. Gudane er, med få unntak, menn, som prestane deira er det. Kvinnekroppen var det siste Gud skapte i sitt skaparverk. Då hadde han øvt seg på alt det andre, i dagevis.

Og kvinnekroppen har alltid, på ulikt vis, fylt mannetanken med tankar av ulikt slag.

Så har gudar av mange slag gripe inn. Kvinnekroppen, dette uromomentet, må nøytraliserast. Han må kledast på, pakkast inn i ulike tekstilar, slik at han ikkje lenger er synleg som det han er, ein velforma kvinnekropp.

Mange gudar har laga strenge reglar om korleis kvinnene må kle seg og løyne kroppen sin. Også håret, kvinnas pryd, har fått sitt eige regelverk. Det skal ikkje synast.

Herodot trudde ikkje at desse sjølvlaga gudane ville menneska vel. Dei var misunnelege, lunefulle og hemngjerrige.

Vegen til eit betre liv for menneska var då å drive gudane tilbake, ut av menneskelivet, å parkere dei.

Og det vart gjort. Sekulariseringa på våre kantar dreiv vår Gud, den israelske stammeguden Jahve, ut av maktposisjonar, i vitskap, historie, rettsordningar og mykje meir.

Han vart lettare å ha med å gjere. Nyleg har han godkjent kvinner i prestekorpset sitt. Og snart kjem han til å godkjenne skeiv seksualitet.

Fridommen har auka der gudsmakta er bygd ned, som på våre kantar, medan fridommen har dårlege kår i område der gudane framleis sit med forståingsmakt, forklaringsmakt og rettsmakt. Der blir menneska tyranniserte av dei gudane dei sjølv har skaffa seg.

Om vi ser på lagnaden til gudane i historia, kan framtida for dagens mektige gudar vere svært uviss.

Så langt er dei fleste gudar avsette av sine eigne skaparar.

Trua svikta, og så var det over.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis